Den forvitnelege countryfestivalen

Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Den forvitnelege countryfestivalen Kvart år i september ynskjer me velkomen til festivalbygda Voss sin forvitnelege countryfestival! 🤠

SIVLE TIL FOLKETPer Sivle frå Voss og Flåm er kanskje mest kjend for songar som «Den fyrste song» og «Vesle lerka», og h...
21/09/2026

SIVLE TIL FOLKET
Per Sivle frå Voss og Flåm er kanskje mest kjend for songar som «Den fyrste song» og «Vesle lerka», og historier som «Berre ein hund». Men Sivle er så mykje meir. Den Forvitnelege Coutryfestivalen og Sivlelaget inviterer låtskrivarar til å dykke ned i Sivle sin mangfaldige forfattarskap. Vel deg eit sivledikt, set ein fin melodi til, og send inn til oss. Ein kompetent jury vil plukke ut dei beste songane. Får vi inn nok bidrag, kan det bli ein eigen konsert på neste års festival. Uansett garanterer vi at vinnaren skal få framføre låten sin med vårt eige husband. I tillegg vankar det ein symbolsk pengepremie til den beste låta.
Sjølv om vi er overtydde om at Sivle var ein countrymann, står du fritt til å velje sjanger og uttrykk. Låtane kan spelast inn på enklaste vis, med song og gitar eller anna akkompagnement. Bruk gjerne eigen mobiltelefon til opptak. Kvaliteten må vere god nok til at tekst og melodi kjem tydeleg fram.
Send bidraget ditt til [email protected] Om filene er store, bruk wetransfer.com til å sende over. I så fall: send oss ein eigen e-post med namnet på ditt bidrag
NB: Hugs å skrive namn, telefonnummer og postadresse i eposten.
Lukke til!

Helsing
Sivlelaget og Den forvitnelege countryfestivalen
sivlelaget.no https://www.facebook.com/denforvitnelegecountryfestivalen/
https://www.facebook.com/sivlelaget/ https://www.instagram.com/countryfestivalenvoss/

No er det berre å finne fram instrumenta , penn og papir! 📝 🎶 Send inn bidrag til: denforvitnelege@gmail.com
20/09/2026

No er det berre å finne fram instrumenta , penn og papir! 📝 🎶 Send inn bidrag til: [email protected]

Halvor Folgerø lanserer ny konkurranse til festivalen i helga:

20/09/2026

Då har me pakka ned Den forvitnelege countryfestivalen for 7. gong!
Tusen takk til publikum, artistar og frivillige for at de var med og gjorde dette til ei strålande kjekk helg! ❤️
Takk skal også sponsorane våre ha for viktig støtte: Voss Sparebank, Voss Veksel og Landmannsbank, Voss Energi, Vossabia Hageland Rema 1000 Palmafossen 💐💐💐
Neste år sjåast me igjen 24. og 25. sept for nye countryopplevingar 🤠

20/09/2026

1,508 Followers, 1,451 Following, 0 Posts

19/09/2026

Festivalsjef Silje ynskjer alle velkomne til årets countryfestival på Voss!🎉

No tar det av folkens! Ungdomshallen 23:00! Gram Per Person frå Bergen avsluttar kvelden med countrybasert rock. Navnet ...
18/09/2026

No tar det av folkens! Ungdomshallen 23:00!
Gram Per Person frå Bergen avsluttar kvelden med countrybasert rock. Navnet er et ordspel på Gram Parsons.

Bandet består av Gunnar Emmerhoff, Odd-Erik Fostervoll, Chris Møller, Frank Pedersen, Morten Smørholm, Lars Heinz og Tore Landro.

Medlemmene har tidlegare vore aktive i prosjekt som blant anna Ai Phoenix, Datarock, Emmerhoff & The Melancholy Babies, Team Blitzkrieg, Sissy Wish, og Magnet.

Albumet med same namn som bandet fekk terningkast 5 i ein omtale i Bergensavisen. Samme karakter fekk det i BT, som omtala det som «country for dei som ikkje likar country.

18/09/2026

Få med deg i ungdomshallen i kveld kl. 21:00!🙂‍↕️

Billettar: https://dfcf.ticketco.events/no/nb/m/e/den_forvitnelege_countryfestivalen_2026

Norma er eit Spellemannsnominert og Fjordingpris-vinnande country/pop-nordicana-band frå Halden. Inspirerte av alt mogleg anna med cowboyhatt-preg (Aaron Lee Tasjan, Embla & The Karidotters, Grateful Dead, Wilco, Billy Strings og Sierra Ferrell) framfører Norma americana-pop som stadig, og medvite, bryt med sjangerforventningane.

Norma spelar fargerike popcountry-låtar prega av trestemte harmoniar, sjarmerande sjanglande elgitarmelodiar, mjuke pedal steel-linjer som heidrar sjangeren, og ein spretten og samspelt rytmeseksjon.

Sjølv om Norma høyrer heime i country-sjangeren, er dei opptekne av å utfordre og bryte med sjangerkonvensjonane gjennom overraskande musikalske grep. Med ei melodisk ironisk distanse formidlar vokalist Jørgen Nilsen ein elles alvorleg tekstleg tematikk som spenner frå gjenkjennelege mellommenneskelege konfliktar til indre, personlege utfordringar.

På kort tid har Norma gjort seg godt merkte med konsertar over store delar av landet, og fekk mykje merksemd rundt den sjølvtitulerte EP-en som kom ut i 2023. Dei har òg fått eit rykte på seg for å invitere ivrige musikarkollegaer som Simen Følstad Nilsen og Embla Karidotter med på scena når høvet byr seg🌟

Me sparkar i gang countryhelga på Voss med P**l Flaata i Osasalen i kveld kl. 19:00!🌟Gjennom ei platekarriere som strekk...
18/09/2026

Me sparkar i gang countryhelga på Voss med P**l Flaata i Osasalen i kveld kl. 19:00!🌟

Gjennom ei platekarriere som strekkjer seg over meir enn 25 år tilbake i tid, dei siste 20 av dei som soloartist, har P**l fascinert publikum med si karakteristiske stemme.

P**l er ein av dei mest-turnerande artistane her i landet, og saman med pianisten og produsenten Gøran Grini har han spelt på dei fleste norske scenene gjennom 20 år.

I ti år fronta han bandet Midnight Choir, og var med på å setje gruppa på det europeiske kartet. I løpet av desse åra gav Midnight Choir ut fem studioalbum og to samlealbum. I 1998 vann dei Spellemannprisen for «Amsterdam Stranded».

Som soloartist har Flaata gitt ut til saman heile 10 album!

Billettar finn du i bio eller på Ticketco!🎟️

Countryshow med Finn Tokvam og Twang Gang er no utseld! Ev ubenytta billettar vil bli tilgjengelege i døra frå kl 1330. ...
16/09/2026

Countryshow med Finn Tokvam og Twang Gang er no utseld! Ev ubenytta billettar vil bli tilgjengelege i døra frå kl 1330. Showstart kl 14.
Sjekk programmet under om det er fleire konsertar de har lyst å oppleva

Adresse

Vossevangen
Voss
5700

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Den forvitnelege countryfestivalen legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Den forvitnelege countryfestivalen:

Snarveier

Del

Kategori