09/03/2026
Kva skjer på Møre Støyperi om dagen?
Vi har ikkje vore i vinterdvale her nede i Elvadalen. Mellom dugnadar, skoging og rydding har vi teke nokre viktige steg mot å gjere Møre Støyperi til den kulturarenaen vi drøymer om.
Gjenklangprosessen – kartlegging og utredning
Vi fekk 400 000,- frå Kulturrom, og 60 000,- frå Sparebank 1 SMN, til å gjennomføre Kulturrom sin "Gjenklang"-prosess. Denne støtteordninga handlar om å skape kultur i eksisterande rom, og er øyremerkt arbeid med innsikt og utredning. Ved hjelp av desse midlane held vi på å legge det faglege grunnlaget for heile transformasjonen.
Vi har fått gjennomført tilstandsanalyse av bygget i samarbeid med Mulvik AS, og er no i dialog med arkitekt frå Nordplan som skal utarbeide forslag til romplan.
Snart inviterer vi også til eit ope møte der vi vil kartlegge behov frå lokalmiljøet – kva ønskjer de å bruke Møre Støyperi til? Det vert viktig for oss å høyre frå så mange som mogleg.
Graving på baksida – snart i gang!
Det andre løpet handlar om det heilt konkrete og fysiske: å sikre sjølve bygget. Vi har venta på mildare vêr, og no er vi endeleg klare til å setje i gang graving og fjerning av masse som pressar mot bakveggen. Arbeidet vert utført av Sandal, og er finansiert av midlane vi fekk frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Dette er første store fysiske steg i rehabiliteringa – og det kjennest stort!
Bli med på reisa
Vil du støtte arbeidet? Støttemedlemskap for 2026 kostar berre kr 400, og gjer at vi kan betale løpande driftskostnadar som ikkje er dekt av støtteordningar. https://betal.vipps.no/es70rc
Følg med – det skjer mykje framover! 🙌
Er du på HUDD? Det er vi også!
Årskontigent Møre Støyperi Frivillig Forening