Melshornløpet

Melshornløpet Melshornløpet - eit løp frå Volda sentrum til Melshornet. Arr. Foreininga Melshornets venner

✨ Melshornløpet 2025 er historie! ✨Eit stort takk til alle som har vore med på å gjere årets løp til ei flott oppleving ...
07/09/2025

✨ Melshornløpet 2025 er historie! ✨

Eit stort takk til alle som har vore med på å gjere årets løp til ei flott oppleving – både deltakarar, frivillige og publikum 🙌.
Vi er stolte av innsatsen og gleda dei bringer inn i arrangementet, og no ser vi fram mot NM i motbakke 2026! 🏔️🔥

👉 Les gjerne omtalen frå Kondis her:
https://www.kondis.no/idrett/melshornlopet-stralende-generalprove-for-nm-i-motbakke-neste-ar/1526084?fbclid=IwY2xjawMqV2tleHRuA2FlbQIxMABicmlkETF5ZlNDNTJtTVJ6UTBmVVVLAR4CgD683zMhu24hkjhx_eMJavAipWTEEubsQZCXKunxo1G9refKYR1u4wnpPA_aem_-CUeSmZAx3ErawEHnahQDg

🌟 I år hadde vi rekorddeltaking med heile 154 deltakarar!

90 i konkurranseklassa 🏃‍♀️🏃

64 i trimklassa 🚶‍♂️🚶‍♀️

Som tidlegare nevnt går deltakaravgifta frå trimklassa uavkorta til Kreftforeningen 💜. Den endelege summen kjem snart, men vi veit allereie at den blir ein stad mellom 5.000–6.000 kr.

📸 Bildeglimt:

Nokre bilde ligg på heimesida vår: https://sites.google.com/view/melshornlopet-volda/bilde-fr%C3%A5-l%C3%B8pet

Sjå også dei flotte bileta til Martin Hauge-Nilsen frå Møre og Romsdal: https://www.facebook.com/media/set?vanity=KondisMogR&set=a.1211172074380943

📊 Alle resultat finn du her: https://live.eqtiming.com/74330

💚 Ein ekstra stor takk til:

Sparebanken Møre, Intersport Volda og Norwegian Group AS for sponsorstøtte, utan sponsorar ingen arrangement🙏

Volda Røde Kors Hjelpekorps for tryggleik langs løypa 🚑

Møre Folkehøgskule som stiller med frivillige kvart år 👏

Tredet for premiar i form av gåvekort 🎁

Tusen takk for i år – og vel møtt neste gong!
🎉 Då arrangerer vi NM i Motbakkeløp 2026, og vi kan love ein endå større fest! 🎉

Find all the latest results for Melshornløpet 2025 right here.

Mange flotte bilder tatt av Kondis Møre & Romsdal Martin Hauge-Nilsen🥳
07/09/2025

Mange flotte bilder tatt av Kondis Møre & Romsdal Martin Hauge-Nilsen🥳

06/09/2025
01/09/2025

🎉 Gratulerer til Sigve Fuglem som er den heldige vinnaren av uttrekspremien blant alle som meldte seg på Melshornløpet før 1. september! 👏👏

Premiepakken han stikk av med har ein verdi på over 1200 kr og inneheld:
🔦 Ei Silva Run4 haudelykt
🕶️ Raske briller frå Matrix – valfri dame- eller herremodell

Vi gratulerer så mykje og gler oss til å sjå dykk på startstreken til Melshornløpet 2025! 🙌

Intersport Volda Sparebanken Møre Norwegian Group AS

💙🏃‍♀️ Alle inntektene frå årets mosjonsklasse går uavkorta til Kreftforeininga!Delta på Melshornløpet 2025 – få ei flott...
18/08/2025

💙🏃‍♀️ Alle inntektene frå årets mosjonsklasse går uavkorta til Kreftforeininga!
Delta på Melshornløpet 2025 – få ei flott oppleving i fjellet, og samtidig støtt ei god sak. 🙌

Meld deg på i dag 👉 https://live.eqtiming.com/74330

Ta deg ein tur då vel.

Sparebanken Møre Intersport Volda Norwegian Group AS Kreftforeningen

Find all the latest results for Melshornløpet 2025 right here.

Ei lita påminning. 🎁Alle som melder seg på Melshornløpet 2025 innan 1. september er med i trekninga av ei flott premiepa...
17/08/2025


Ei lita påminning. 🎁
Alle som melder seg på Melshornløpet 2025 innan 1. september er med i trekninga av ei flott premiepakke til ein verdi av over 1200 kr! 🤩

Premiepakken inneheld:
🔦 Ei Silva Run4 haudelykt
🕶️ Raske briller frå Matrix – vel mellom dame- eller herremodell

Dette gjeld både for dei som melder seg på i konkurranseklasse og i trimmklasse – så ingen grunn til å vente med påmeldinga! 🙌

👉 Meld deg på no, så er du med i trekninga!
https://live.eqtiming.com/74330

Sparebanken Møre Intersport Volda Norwegian Group AS

Find all the latest results for Melshornløpet 2025 right here.

Adresse

Volda

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Melshornløpet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Melshornløpet:

Del