09/04/2026
🌊Utanomfjordslege ljodbylgjer vert å skylja upp støa i sumar🌊
Funk For Forest er rein kraft proppa inn i ein særs listug og dansbar pakke. I tvo år hev klubbfenomenet Funk For Forest sett eld på fullstappa dansegolv på salsstader i Oslo, og skal no taka med seg sitt utanomfjordslege samdrag av jungelfunk, disco og afrobeat (det hev ikkje lykkjast oss at umsettje dei her umgrepa, men det er her tal um synkoperte og dansbare rytmar) til Næverfestivalen. Åtte-mannslagget tek deg med frå fengjande blåseliner til stram funkgitar, forbi djupe bassrytmar og til brennheite tromme- og slagverksbrekk med eit ynskje um å gje tilhøyrarane kronisk råkkefot. Gle deg til ein kraftfull framsyning med frid, sveitt dansemusikk!
👽Dei spelar i låven på laugardagen👽