Festidalen

Festidalen Uskedalen
26. -27. juni 2026

Dagsprogram for Festidalen er klart. Me serverer 10 fantastiske artistar og ein historisk fotballkamp, og du er velkomme...
30/03/2026

Dagsprogram for Festidalen er klart. Me serverer 10 fantastiske artistar og ein historisk fotballkamp, og du er velkommen ♥

Prisen på festivalpass stig 1. april, ingen aprilspøk 🙃

Admiral P er ein av Noreg sine mest folkekjære artistar. Kjend for sin særeigne miks av reggae og norskspråklege tekstar...
28/03/2026

Admiral P er ein av Noreg sine mest folkekjære artistar. Kjend for sin særeigne miks av reggae og norskspråklege tekstar, med eit sterkt bodskap om kjærleik og samhold. Admiralen vaks opp og trakka sine tretten første år av livet i Zambia. Og varmen og livsgleda han har tatt med seg frå denne tida, treff det kalde nord mitt i hjarta. Karen har blitt streama over 150 millionar gongar, og krøpe inn under huden på Ola og Kari. Og live klinkar han til med energiske og hjartevarme show. Det ryk av scena og dampar av publikum. Alltid!

SULT er fem unge kompisar som har spelt saman sidan trehjulssykkel og hubba bubba. No veks dei seg store og sterke på sa...
26/03/2026

SULT er fem unge kompisar som har spelt saman sidan trehjulssykkel og hubba bubba. No veks dei seg store og sterke på same fôr som Dumdum Boys, Håkan Hellstrøm og CC Cowboys. Det er rock. Det er pop. Og det er fordømt catchy!

RABO gir oss moderne indiepop. Skapt for å få oss til å dansa, digga, grina og klina. Her gav pandemien oss noko fint. D...
26/03/2026

RABO gir oss moderne indiepop. Skapt for å få oss til å dansa, digga, grina og klina. Her gav pandemien oss noko fint. Den sendte RABO, frå eit liv som surfeinstruktør i Brasil og Hellas, heim til oss. Ho dykka umiddelbart ned i musikken, og har sidan surfa frå låtskriving til større og større scenar. Og no kjem ho for å skapa bølger på Festidalen.

Bare Andy er Vestlandssatsinga 2026 og kjem til Festidalen 🔥Bare Andy blei kåra til Vestlandssatsinga 2026 under bransje...
11/03/2026

Bare Andy er Vestlandssatsinga 2026 og kjem til Festidalen 🔥
Bare Andy blei kåra til Vestlandssatsinga 2026 under bransjetreffet 100dagar på Stord i helga. Vestlandssatsinga er eit samla initiativ frå heile ni vestlandsfestivalar i samarbeid med 100 Dagar, der ein artist blir valgt ut til å spele på alle festivalane i løpet av den påfølgande sommaren.
Bare Andy lagar jordnær countrypop med relaterbare tekstar, bygderomantikk og høg sjarmfaktor – låtar som treff like godt i byen som på bygda!

Vil du vera med å laga verdas koslegaste festival i år? Så bra, for me vil veldig gjerne ha deg med på laget!💚Les meir o...
04/03/2026

Vil du vera med å laga verdas koslegaste festival i år? Så bra, for me vil veldig gjerne ha deg med på laget!💚

Les meir om å vera frivillig på heimesida vår, send oss ei melding, eller berre kjør på med påmelding med ein gong!💪 Link til påmeldingsskjema finn du i bio☺️

Me gler oss til sommaren og tidenes VM-fest!
20/02/2026

Me gler oss til sommaren og tidenes VM-fest!

Legendane er tilbake på den norske rocketrona!Captain P**n, Biff Malibu og dei glefsande hundane i Gluecifer kjem til ga...
29/01/2026

Legendane er tilbake på den norske rocketrona!
Captain P**n, Biff Malibu og dei glefsande hundane i Gluecifer kjem til gards. Det blir dyrisk og diabolsk. Det blir høgt og herleg. Men mest av alt, det blir ei oppleving i god, gammal Festidalenånd.

Gluecifer 🤘

Espen Lind opnar Festidalen 2026 🔥❤🔥Espen Lind       ♥
26/01/2026

Espen Lind opnar Festidalen 2026 🔥❤🔥
Espen Lind


Gode Festidalen-venner. Me aukar prisane ved midnatt, spar pengar og kjøp festivalpass no! Allereie tusen festivalpass s...
31/12/2025

Gode Festidalen-venner. Me aukar prisane ved midnatt, spar pengar og kjøp festivalpass no!
Allereie tusen festivalpass solgt - bli med på folkefesten!

Ho, ho, ho! Rykka opp i eliten i 2025, og tar gullet i 2026. Gjenfødt Kultur er dei nye store i norsk hiphop. Ein klasse...
22/12/2025

Ho, ho, ho! Rykka opp i eliten i 2025, og tar gullet i 2026. Gjenfødt Kultur er dei nye store i norsk hiphop. Ein klasse for seg. Og no rykker dei frå. Elegant, briljant og pakka med låtsnadder for gud og kvarmann. Gjenfødt Kultur, så uforutsigbart som kultur skal vera.

Svart RidåDrømmepop møter dundrande rock. Himmelsk vokal møter heftig gitar. Sverige renn over av ung kvalitetsmusikk om...
05/12/2025

Svart Ridå
Drømmepop møter dundrande rock. Himmelsk vokal møter heftig gitar. Sverige renn over av ung kvalitetsmusikk om dagen. Og best av alle akkurat no er Svart Ridå. Pressa diggar dei. Publikum elskar dei. Og snart får Svart Ridå både deg og meg og alle andre til å svinga svansen foran scenekanten. Søk opp og spel høgt. Ditt nye favorittband kjem til Festidalen i sommar 😎🌞

Adresse

Dønhaug
Uskedalen
5463

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Festidalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Festidalen:

Del

Type