10/11/2025
Onsdag 5 .november hadde vi ei kjekke samling her på jobb med alle ansatte. God mat frå Bra lunsj, kaffi, kake og god prat.
Midt i samlinga reiste Marit seg....
Gode Irene,
Akkurat i dag er det 35 år sidan din fyrste arbeidsdag hos oss, det er rett og slett imponerande! Desse åra har gått snart. Det er ikkje mange som kan seia dei har laga fiskekaker i tre forskjellige tiår og framleis smile like breitt!
Du har stått på med pågangsvilje, styrke og godt humør, og du er ein viktig del av gjengen her og utviklinga som Hjønnevåg har hatt i desse 35 åra.
I dag vil vi takka deg for 35 år med arbeidsglede, lojalitet og innsats. Rett og slett for at du er du!
Det er ei glede å overrekke deg Medaljen for lang og tro tjeneste.
Gratulera Irene, takk for innsatsen så langt, vi ser fram til resten av reisa i arbeidslivet ditt saman med oss🐟❤️