Tysnes Ungdomslag

Tysnes Ungdomslag Tysnes Ungdomslag Tysnes Ungdomslag er eit ungdomslag som held til i ungdomshuset, Vonheim, i Våge. Huset vart bygd i 1923, men er bygd ut fleire gongar.

Seinast i ´03/04 då det vart bygd nytt storkjøken. Huset er mogleg å leige for dei som måtte ynskje det. Huset passar til dei fleste arrangement ein kan tenkje seg. Kontakt utleigeansvarlig på: [email protected] eller send ei melding til oss her på facebooksida vår! Styret som er vald for Ungdomslaget 2022 er følgjande:

Styreleiar: Irene Dalland
Nestleiar: Marianne Tvedt
Styremedlem: Oliver Nordtveit Fagerbakk
Styremedlem: Samuel Dalland
Styremedlem: Mathias Bakke
Styremedlem: Sigvard M Madsen
Kasserar: Steffen Sleire Opdal
Vara: Erlend Tvedt
Vara: Marcus Dalland
Vara: Johanne Dalland

Utleigeansvarleg: Cecilie F Hauge Hansen, epost: [email protected]

Ferien er over, og det er tid for skule og kvardag igjen! 🍂Me i Tysnes ungdomslag ønskjer hausten velkomen med BARNEDISC...
16/08/2026

Ferien er over, og det er tid for skule og kvardag igjen! 🍂

Me i Tysnes ungdomslag ønskjer hausten velkomen med BARNEDISCO og UNGDOMSTREFF i Labyrinten fredag 4. september! 🪩

Sjå plakatar for meir info
Me håpar mange unge håpefulle tek turen! 💃🕺

Asfalten er komen på plass på baksida av huset, slik at både vatnet renn vekk frå huset, og rørslehemma kjem seg smidig ...
16/07/2026

Asfalten er komen på plass på baksida av huset, slik at både vatnet renn vekk frå huset, og rørslehemma kjem seg smidig og lett inn. 😍
Vidare har me hatt ein nydeleg gjeng i sving gjennom sommaren som har måla og stelt fasaden. Vakrare har vel aldri Vonheim sett ut! Takk til alle som er med å bidrar til dette arbeidet🤩😍! Meld deg inn i laget om du vil bidra til å halda liv i Vonheim🇸🇯🌞🌞

Full trøkk på saka!På baksida av huset pågår det arbeid med drenering og klargjering for asfalt. Eit reint kinderegg som...
03/06/2026

Full trøkk på saka!
På baksida av huset pågår det arbeid med drenering og klargjering for asfalt. Eit reint kinderegg som vil gjere bruken av huset meir universelt tilpassa, samstundes som det vonleg vil få bukt med ein del av vassproblema me har vore plaga med.
Stillaset er no kome opp på sørveggen. Planen er å flytte dette rundt heile huset i løpet av sommaren for å få måla, samt skifta ut dårleg kledning der det er behov.
Takk til alle som gjer dette arbeidet mogleg!
PS: Meld deg inn i laget i dag om du vil bidra til arbeidet som pågår. Då får du òg svært rimeleg leige av huset. 🇳🇴🌍

Nytt styre i Tysnes Ungdomslag 2026 ✨På årsmøtet 18.03.26 blei det valt nytt styre i Tysnes Ungdomslag, med nokre nye me...
01/05/2026

Nytt styre i Tysnes Ungdomslag 2026 ✨

På årsmøtet 18.03.26 blei det valt nytt styre i Tysnes Ungdomslag, med nokre nye medlemmer og nokre trufaste medlemmer med lengre fartstid:

Leiar:
Marianne Tvedt
Styremedlemmer:
Sigvard M Madsen
Steffen Sleire Opdal
Johanne Dalland
Oliver N Fagerbakk
Samuel Dalland
Monica Løvaas

Vara:
Erlend Tvedt
Tora Austvik
Sofie Bjerkøen

Utleigeansvarleg:
Cecilie F Hauge Hansen

Me er glade og takksame for engasjementet og innsatsen frå dei som no tek på seg verv i laget, og ser fram til arbeidet vidare 🧡

Samtidig vil eg, Irene, takka for tilliten eg har fått som leiar dei siste åra. Det har vore både kjekt og lærerikt å få vere ein del av dette arbeidet saman med så mange flinke og engasjerte folk. Eg er stolt av det me har fått til i lag!

No gjer eg stafettpinnen vidare til Marianne og det nye styret, og eg ynskjer dykk masse lukke til i tida som kjem. Eg heiar på dykk, og gler meg til å følgje arbeidet vidare 🥰

Tusen takk til alle som bidreg og bryr seg om Tysnes Ungdomslag!

Beste helsing Irene Dalland, tidligare leiar i TUL

1. mai-dugnad!Dei siste åra har vore ein samanhengande dugnad i og rundt huset 🤩😇Difor har me bestemt oss for å la denne...
26/04/2026

1. mai-dugnad!

Dei siste åra har vore ein samanhengande dugnad i og rundt huset 🤩😇
Difor har me bestemt oss for å la denne litt innklemte 1. mai-fredagen gå stille forbi.

Men tvil ikkje – det kjem snart nye dugnadsmoglegheiter! 🥳😍
Og hugs: det finst mange måtar å bidra på.

Eit medlemskap er òg ein del av dugnaden – og det lønner seg!
Som medlem får du redusert leige av huset, så det betalar seg fort om du planlegg å bruke Vonheim.

Me treng alltid fleire med på laget – bli medlem i dag😍

Ungdom: 150 kr
Vaksen: 250 kr
Familie (2 vaksne + 2 born): 500 kr
Bedrift: 1500 kr
Vipps: 131180 Hugs å merka med navn/familie

Heia Vonheim, heia samhald og fellesskap! 💛

🎉 FOR EIN DAG – OG FOR EIN FEST I VONHEIM I GÅR PÅ PÅSKEAFTA 🎉Vonheim kokte i går – og FOR ein suksess det vart 🎊Me slo ...
05/04/2026

🎉 FOR EIN DAG – OG FOR EIN FEST I VONHEIM I GÅR PÅ PÅSKEAFTA 🎉

Vonheim kokte i går – og FOR ein suksess det vart 🎊

Me slo Norgesrekorden i stolleik med heile 221 deltakarar – heilt rått!! 🪑
Tryllekunstnar, ansiktsmaling og kiosk nede i labyrinten i 1 etg var ein stor suksess 👌og me reknar over 250 menneske var innom huset på dagtid i går 🇳🇴🎉

Når kvelden kom… då var det igjen FULLT hus! 🎶
Fest og basar med gode premiar, mykje godt i baren og topp stemning frå start til slutt 🍻

Etter to kjekke rundar med åresal tok Årstein Tislevoll gitaren fatt og leverte både god musikk og kjekk stemning 🕺🎊

💛 TUSEN TAKK til alle som kom, støtta og bidrog!
Det betyr utruleg mykje for oss – og det er akkurat sånne dagar som gjer Vonheim til den møteplassen det skal vere 🙌 🥹

Og du… stolleiken?
Den vart ein kjempesuksess! 😄
Kanskje det blir tradisjon med stolleik kvar påskeafta? 🐣💛

Vyrde helsingar
Styret i Tysnes Ungdomslag 💛

Elleville PREMIAR på stolleiken i dag kl 14.00 🎊🎉🥳 Det nærmer seg stolleiken, om få minutt!! Sjå her ka du kan vinna:🎉 G...
04/04/2026

Elleville PREMIAR på stolleiken i dag kl 14.00 🎊🎉🥳
Det nærmer seg stolleiken, om få minutt!! Sjå her ka du kan vinna:

🎉 Gåvekort Våge Senter - 5000kr
🎉 Tre-retters middag på Mandelhuset
🎉 Medlemskap på Svingen Puls
🎉 Festivalpass Tysnesfest

03/04/2026

Bli med på forsøk i Norgesrekord i stolleik i morgon laurdag i Vonheim 🎊🪑
For å høyra om forsøket, slå på Radio P1 i morgon i 08-09 tida på morgonen 🎉
Me sjåast kl. 14.00 i Vonheim 🤩

Adresse

Våge
Tysnes
5680

Telefon

+4795049131

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tysnes Ungdomslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tysnes Ungdomslag:

Snarveier

Del