Brøvøllsfestivalen

Adresse

Velledalen Kulturpark
Sykkylven
6220

Telefon

+4794891728

Nettsted

https://billet.to/2z5p3/socialmedia

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brøvøllsfestivalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Brøvøllsfestivalen:

Del

Type

Brøvøllsfestivalen?

Kvifor heiter det Brøvøllsfestivalen spør mange. Det er fordi det midt i Velledalen ligg eit stykke som heiter Brøvøll, der ein gjeng ungdommar ein keisam sommardag i 2007 tenkte at det hadde vore moro å laga ein liten hagefest for å skape litt liv i bygda, då det ikkje var flust av andre sommarhøydarar innimellom tjukkskodda og regnveret. Og det var slik det starta:

Det hende i dei dagar då det kom bod frå ein sjølvutnemnd Keisar om at heile bygda måtte kome i hop til ein gledens aften. Det var hagefest på Brøvøll, og hit kom både hyrdar og gjetarar, og meir eller mindre vise menn og kvinner frå alle bygdas krinsar og krokar. Mangel på husrom var det ikkje i dalen, men likevel føregjekk det heile i ein meir eller mindre heimesnikra ”stall”. Eit tak av mosegrøn presenning, ei scene av halvrotne europallar, og hallande benkar og bord. Dessutan trengde ein ikkje gå langt for å finne verken kyr, sauer eller høy. Året var 2007, og Brøvøllsfestivalen var fødd. I ei krybbe fylt til randen av kønnjøl og heimebrygga Calimocho, midt i tjukkaste Velledalen.

På grunn av dei lyse sumarane på Sunnmøre var det ingen stjerner som kunne lyse veg til dei langvegsfarande, så her måtte det aktiv skilting til, i tillegg til nokre solide varselskot frå ein appelsinkanon om at det var her det føregjekk. No fann folket fram, og med smellet frå appelsinkanonen framleis ruvandes som eit endelaust ekko imellom nausta på Brunstad og Brøvøll var fødselen av Brøvøllsfestialen kunngjort ein gong for alle.

Underhaldninga var det ingenting å setje fingaren på på tidenes første festival. The Møldingses sin aller første, og strengt tatt også siste, offisielle opptreden stod på plakaten. Boomblasteren pumpa Cash- låtar på full guffe og høgste frekvens heile kvelden, men vart likevel overdøyvd av dei høglytte komikarane der dei stod og svaia på scenekanten med sine improvisasjonar. Stand- up- show kallar dei det visst. Det heile vart ein kveld som seint vil gløymast, og det var klart vi måtte gjenta denne suksessen. Snarast.