18/03/2026
Stryn Visefestival 2026 vart ein suksess!
Vi vågar å påstå det. Aristane melder tilbake at dette var veldig kjekt. Flott og lydhøyrt publikum. Gode konsertopplevingar. Godt ivaretekne på og ikkje minst på arrangørstadane og .
Tilbakemeldingane frå publikum har også vore gode. "Beste så langt". "Fantastisk lineup" "Høgdepunkta sto i kø". Ulike folk har hatt sine favorittkonsertar.
Gjennom mange år har Geir Nygård vore ansvarleg for lyd utanom det som skjer i Storsalen på Stryn Stryn kulturhus. For ein mann! Alt blir berre ordna. Ingen store ord, berre god lyd. Så må eg personleg takke Ragnhild Lunde. Fordi ho gjer det eg er minst gla i. Ho held orden på rekneskapen, fakturerer og betaler det som skal betalast. Fantastisk dame!
Korleis det med økonomien? Jau, det går slik vi likar det skal gå. Slik omtrent akkurat i balanse. Stryn Visefestival skal ikkje tene store pengar. Vi skal gje folk ei hyggeleg oppleving med god musikk og dyktige artistar. Dette hadde vore heilt umogleg utan , som i mange år har vore den største sponsoren. Vidare er vi veldig gla for at , , og stiller opp med eit raust beløp år etter år. Takk og til Mogleg som let meg og Christer få lov å jobbe med dette litt på dagtid. Utan desse ville vi ikkje kunne hatt ein slik line up, med så mange og så dyktige artistar. Tusen takk for støtta!!
Foto: Christer Lunde Solberg, Mogleg