Gomerhuset

Gomerhuset På denne siden vil vi legge ut kultur og idretts arrangement i Gomerhuset i tillegg til anna praktisk informasjon om Gomerhuset.

Skodjesongen, skriven av Knud Ytreberg for over 100 år sidan, startar slik: "Skodje - Gomers kongesæte, med hans trauste kvilestad". Gomer var truleg den første som busette seg på Skodje, mange hundreår før Kristus. Han kom etter sagnet langt borte frå og slo seg ned på denne vakre staden. Han hadde nok med seg fleire, og sagnet antyder at Gomer fungerte som ein bygdehøvding. Gomer er eit svært sp

esielt namn som får folk til å undre seg. Vi som bur i Skodje, må kunne fortelje besøkande at Gomer var den første som slo seg til her. Og sjølv om vi ikkje veit så mykje om kven han var, må vi i alle fall innrømme Gomer ein kvalitet: Han valde seg ein fantastisk del av landet å slå seg ned på. Det vitnar absolutt om estetisk sans; her er vakkert med fjordar, fjell og skogar. Men det vitnar også om sans for overleving; fisk i fjorden, dyr og vekster i i skog og mark og rikeleg med ferskvatn har gjort at etterkommarane til Gomer har levd godt her på Skodje. Trivsel, røter og identitet er omgrep som får meining når dei blir knytt til kulturhuset som sosial møteplass og arena for trening, øving og gode opplevingar. Vi håper at det nye kulturhuset skal medverke til at Skodje blir ein endå betre plass å bu i. Vi må arbeide for eit mangfald av aktivitetar slik at alle, uansett alder, kan tenkje: Skodje har eit tilbod også til meg! Vi håper mange ser ei naturleg kopling mellom positiv bygdekjensle og identitetsskaping til den første skodjebygdaren. Gomer er elles eit namn vi kan bruke i ulike kulturelle samanhengar, t.d. Gomer-utstilling, Gomer-cup, Gomer-konsert osv. Med positiv innstilling vil Gomerhuset litt om litt få den symbolverdien vi er ute etter: ein stad for mangfaldig aktivitet der vi trivst og har det bra.

Hjarteleg velkommen til Gomerhuset i helga, og desse konsertane i regi av Fjord Cadenza og Jazzsirkelen 🎶Sjå kommentarfe...
04/03/2026

Hjarteleg velkommen til Gomerhuset i helga, og desse konsertane i regi av Fjord Cadenza og Jazzsirkelen 🎶

Sjå kommentarfeltet for billettlenker.

3. juledag er det dans her på Gomerhuset. Ta med deg alle du kjenner og kom. Billetter selges i døra. Arrangør er Skodje...
26/12/2025

3. juledag er det dans her på Gomerhuset. Ta med deg alle du kjenner og kom. Billetter selges i døra. Arrangør er Skodje blandakor.

11/12/2025

AVLYST
FOLE KJEKT Å VERE SOSIAL OG DIGITAL
12.12.2025

Vi må dessverre avlyse «Fole kjekt å vere sosial og digital»
fredag 12.12.2025.

Temaet om parkeringsapper vil vi ta igjen over nyttår.
Håper å se dere på «Fole kjekt å vere sosial og digital» i 2026!
Vi ønsker dere en riktig God Jul og et Godt Nytt År

Vil oppmode alle å ta turen hit førstkommade laurdag 29.november. Det kjem 50 utstillarar til messa, i tillegg blir det ...
24/11/2025

Vil oppmode alle å ta turen hit førstkommade laurdag 29.november. Det kjem 50 utstillarar til messa, i tillegg blir det besøk av Bjørnis, allsang i Gomersalen og tenning av julegrana. Ein får og mulighet til å kjøpe seg graut, kaker og andre godsaker i kaféen.
Dørene åpner kl. 11.00
Biblioteket åpner kl. 12.00
Bjørnis kjem kl. 13.00
Førjulskonsert og Allsang for alle aldrer i kultursalen kl. 16.30
Det heile blir avsluttet med julegrantenning ute rett etter konserten.
Velkommen 🎄🎅

Korkafe på Gomerhuset søndag 19. oktober.
14/10/2025

Korkafe på Gomerhuset søndag 19. oktober.

Den kulturelle spaserstokken inviterer til konsert på Gomerhuset onsdag 24.9 kl. 13.
12/09/2025

Den kulturelle spaserstokken inviterer til konsert på Gomerhuset onsdag 24.9 kl. 13.

Adresse

Stadionvegen 25
Skodje
6260

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gomerhuset legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gomerhuset:

Del