25/05/2026
Ei pinsehelg med full rulle 💃 Takk til alle som tok turen innom våre arrangement denne helga. Håpar vi sjåast neste pinse og.
2-dagers svingkurs med (Kjell og Astrid), etterfølgande Tedans, i tillegg til 3 kveldar med dans, samla rundt 3000 personar til alle våre arrangement denne helga.
Skal vi få til ein slik galla i vår størrelse, med dei mest populære artistane frå Norge/Sverige, er vi avhengige av dei som er der for dansen, opplevinga, eller rett og slett det sosiale.
Veiret var ikkje på vår side, men dette påverka verken humøret, kameratskapet eller dansegleda.
Ei spesiell takk til alle frivillige, Røde kors, grunneigarane, og Siguta (reinhaldssjef) som har stilt opp for oss og bygda denne helga. Utan kvar og ein av dåkke, kan vi ikkje skape denne type festival 💪😘
Mona-Jill Band, Vi2 med Olivia Mc Peek Dvergsdal, Odd Arne Sørensen og Hans Olav Trøen,Hilde Fjørtoft, Werner Sørøy, Sissel Dagfinn Lunde Sundby og Kathe L Sunde, Anne Nørdsti Band, Dænsebændet, Steinar Engelbrektson Band, Donnez og Lasse Stefanz var avgjerande for den optimale musikkopplevinga vi fekk presentert denne helga.
Sist, men ikkje minst, ei stor takk til alle sponsorane våre og Grand Hotel Skei med hotell-direktør Kåre Åmot og hans tilsette, som vi har hatt eit nært og godt samarbeid med gjennom desse dagane.
Mvh. Styret i
Skei Dansegall