Skeitreffen

Skeitreffen Skeitreffen er ein årleg festival på Skei i Sunnfjord, der trekkspelmusikk står i sentrum.

Kvar haust samlar vi musikarar, dansarar og publikum frå heile landet – og langt utanfor – til ei helg fylt med musikk, dans og fest.

Skeitreffen 2025 er vel overstått, og vi vil gjerne takke alle som deltok og bidrog til ei nydeleg helg på Grand Hotel S...
09/11/2025

Skeitreffen 2025 er vel overstått, og vi vil gjerne takke alle som deltok og bidrog til ei nydeleg helg på Grand Hotel Skei. 🪗❤️

Vi vil også rette ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og sponsorar som gjer dette arrangementet mogleg!

Ei helg med topp stemning, gode tonar og mykje folk – slik det skal vere på Skeitreffen! 🎶 Her kjem eit lite dryss bilet...
08/11/2025

Ei helg med topp stemning, gode tonar og mykje folk – slik det skal vere på Skeitreffen! 🎶 Her kjem eit lite dryss bileter frå helga så langt 🪗

I morgon er dagen! Då set vi i gong Skeitreffen 2025! 🤩🎉🎶🪗Etter mange månadar med planlegging og eit fullbokka Grand Hot...
06/11/2025

I morgon er dagen! Då set vi i gong Skeitreffen 2025! 🤩🎉🎶🪗
Etter mange månadar med planlegging og eit fullbokka Grand Hotel Skei, gler vi oss enormt til ei festhelg på Skei med utruleg god musikk, dans og samvær!

Sjølv om hotellet er fullt, er det framleis mogleg å stikke innom for musikk og dans.

Vi har òg fått svært mange påmeldingar til DM-et på laurdag. Difor er vi nøydde til å starte tevlinga klokka 10, i staden for klokka 11 som det står i programmet.

Foto: Mats Horstad

Jovan Pavlovic er ein av Noregs store stjerner på den internasjonale trekkspel-scena. I desember held han mellom anna ko...
05/11/2025

Jovan Pavlovic er ein av Noregs store stjerner på den internasjonale trekkspel-scena. I desember held han mellom anna konsert med det nasjonale storbandet til den serbiske rikskringkastaren RTS! 🎥
Laurdag har du høve til å høyre han på Grand Hotel Skei! Opplev det fantastiske spelet til Jovan på konserten vår laurdag klokka 17! 🤩🪗🎶



https://www.mtsdvorana.rs/dogadjaj/on-the-road-to-norway---big-bend-rts?fbclid=IwY2xjawN4WBFleHRuA2FlbQIxMQBicmlkETBYS0JMOWJLZFZ2eWtlMFdsc3J0YwZhcHBfaWQQMjIyMDM5MTc4ODIwMDg5MgABHpiNfabWQko-ngmaDV516q9r7Aktg5k3VOh-P9OkqEcXM1DZWR2EIlORtJQr_aem_iVWrlKTGExPacokQaYC7fw

Big Bend Radio-televizije Srbije priprema vam još jedno vanserijsko muzičko iskustvo. Na koncertu koji je planiran za 27. decembar, u MTS dvorani, publika će imati jedinstvenu priliku da čuje spoj moćnog zvuka Big Benda RTS-a i virtuoznog harmonikaša, koji pomera sve granice ovog instrumenta, ...

Berre 3 dagar att til Skeitreffen 2025! 🥳🪗Vi legg dei siste detaljane desse dagane og gler oss enormt til å møtast på Sk...
04/11/2025

Berre 3 dagar att til Skeitreffen 2025! 🥳🪗
Vi legg dei siste detaljane desse dagane og gler oss enormt til å møtast på Skei.
Det vert dansefest både fredag og laurdag, og for å varme opp dansefoten, synest vi du bør sjå innom denne! 🤩🎶

https://youtu.be/NtcJ4N6ss80?si=SzjxSC1lEyafOahP&t=39

Mønstringskonserten Vågåtreffen 2022, Vågå kulturhus. Skultbakkalaget, som feirer 10 år i 2022, spiller polka etter Olaf Hagen fra FronSkultbakkalaget: Jør...

02/11/2025

Henry Haagenrud og Arnstein Johansen er mellom dei mest markante namna i norsk trekkspelhistorie. Begge vart fødde i 1925 og ville såleis ha fylt 100 år i år. Dette vert markert med konsert med Håvard Svendsrud og Øivind Farmen fredag under årets Skeitreff.

Vi unner oss òg eit tilbakeblikk til fjorårets arrangement. Her spelar festivalleiar Emil Horstad Amaryllis, som er ein av Haagenruds mange komposisjonar!

1 veke att til årets Skeitreff!!! 🤩🪗🎶💃Vi gler oss stort!Om du enno ikkje har kjøpt billett, rår vi deg til å gjere det p...
31/10/2025

1 veke att til årets Skeitreff!!! 🤩🪗🎶💃
Vi gler oss stort!
Om du enno ikkje har kjøpt billett, rår vi deg til å gjere det på førehand. Med fullbooka Grand Hotel Skei kan det bli trongt om plassen!

https://skeitreffen.no/billettar.html

Billettsalet til Skeitreffen 2025 er no i gong! ✅ Eit breitt spekter av musikalske talent står klare på scena frå 7.-9. november på Grand Hotel Skei, og vi håpar å sjå deg der! 🪗

Kjøp billett her:
https://tikkio.com/events/57436

29/10/2025

Påmeldingsfrist 31. oktober til DM!
Om du skal vere med på distriktsmeisterskap i trekkspel, må du hugse å melde deg på innan fristen 31. oktober.
Vi øver i alle fall iherdig til å delta! 😎🪗🎶

Meld deg på her:
https://skeitreffen.no/distriktsmeisterskap.html

27/10/2025

Vi er svært glade for det gode samarbeidet med Norske Trekkspilleres Landsforbund under årets Skeitreff!
Her er eit lite tilbakeblikk på fjorårets treff, der styreleiaren i NTL, Odd Arne Halaas, bidrog med vakker musikk! 🤩🪗🎶

https://skeitreffen.no/

To veker att til Skeitreffen 2025! 🤩🎉🪗Vi gler oss veldig til å høyre denne utruleg flotte gjengen med dyktige musikarar ...
24/10/2025

To veker att til Skeitreffen 2025! 🤩🎉🪗
Vi gler oss veldig til å høyre denne utruleg flotte gjengen med dyktige musikarar fylle Grand Hotel Skei med musikk! Har du enno ikkje kjøpt deg billett? Då bør du ta turen innom nettsida vår for billettkjøp og annan informasjon!

https://skeitreffen.no/

Bli med i trekkinga av to helgepass til årets skeitreff! 🥳🪗🎶Vi er så glade for at SpareBank 1 Sogn og Fjordane er med so...
23/10/2025

Bli med i trekkinga av to helgepass til årets skeitreff! 🥳🪗🎶
Vi er så glade for at SpareBank 1 Sogn og Fjordane er med som samarbeidspartnar i år. Støtte frå lokalt næringsliv er heilt naudsynt for at vi skal kunne arrangere festivalen.

Besøk nettsida deira for å delta i konkurransen:
https://www.sparebank1.no/nn/sogn-fjordane/om-oss/samfunnsansvar/konkurranse.html?fbclid=IwY2xjawNnG6tleHRuA2FlbQIxMABicmlkETFDUnUyMmE2UDd3RXBvT082AR52peb-0ipPbc9T_Cd4SKgsxs1eEsKNOprvacFDP_QhLke6TNiqPDHkQFlYSQ_aem_p0K71HsOvVC99T6KYpPANA

🎶 Vinn 2 helgepass til Skeitreffen 2025 🎶
7. – 9. november er det klart for ei helg full av trekkspel, dans og ekte festivalstemning på Skei i Sunnfjord! 🪗🎉
Vi er stolt samarbeidspartnar og har lyst å dele ut to helgepass til ein heldig vinnar over 18 år.

Lenke til konkurranse finn du i kommentarfeltet. Vinnaren blir trekt fredag 31. oktober – lykke til! 🌟

Adresse

Skei
6841

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skeitreffen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Skeitreffen:

Del

Type