Matamål - matfestivalen i Sogn og Fjordane

Matamål - matfestivalen i Sogn og Fjordane Vert arrangert i Gloppen 13.-27.september 2025. 15 dagar med matkultur i fokus, bli med på Matamål - Vestlandets flottaste matfestival!

Matamål skal vere ein arena for matopplevingar og for å dele kunnskap. Vi skal vere ein møtestad for produsentar, fagfolk og glade amatørar! Saman skaper vi ein matfestival med fokus på kvalitet, mangfald, kortreist mat og mattradisjonar. Velkomen til Matamålfestivalen siste helga i september.
21. - 24. september 2022

Torgdagen 2022 vert laurdag den 24. september frå 10.00 - 16.00. Program og aktivitetar vert lagt ut her og på heimesida vår etter kvart som dei er klar.

Vi har fått eit avbod på kurs i konservering i kveld, ein ledig plass for den som vil hive seg rundt... start kl. 17.00....
24/09/2025

Vi har fått eit avbod på kurs i konservering i kveld, ein ledig plass for den som vil hive seg rundt... start kl. 17.00..

Onsdag 24.september inviterer vi til kurs i konservering med Kari Støfringsdal på Gloppen Ungdomsskule. Det vert litt teori om ulike konserveringsmetodar, reingjering av utstyr og kva utstyr ein treng, før ein lagar ulike produkt med ulike metoder.

Vi har 1 ledig plass på Kokkekveld med Reodorklubben i Hyen i kveld, førstemann til mølla...Påmelding her:
24/09/2025

Vi har 1 ledig plass på Kokkekveld med Reodorklubben i Hyen i kveld, førstemann til mølla...
Påmelding her:

Onsdag 24.september kl.18:00 reiser Reodorklubben Breim til Hyen for kokkekveld på skulekjøkenet til Hyen Skule. Aktiviteten er GRATIS, men krever påmelding på førehand. Det er 8 plassar og passar for dei i alderen 10-14 år.

🍏 Foredrag med Anette Skarpaas Ramm 🍎Onsdag 24. september kl. 20.00 i kinosalen, TrivselshagenEr du interessert i kostha...
23/09/2025

🍏 Foredrag med Anette Skarpaas Ramm 🍎
Onsdag 24. september kl. 20.00 i kinosalen, Trivselshagen

Er du interessert i kosthald, livsstil og eigne vanar som verkeleg kan gjere skillnad? Då er dette kvelden for deg!

Ernæringsfysiolog Anette Skarpaas Ramm – kjend frå «16 ukers helvete», gründer av Kickstart og forfattar av boka 24 timers livsstil gjev deg praktiske råd og verktøy du kan bruke i kvardagen — uansett om du mosjonerer litt eller mykje.

Sikre deg din billett i dag:
https://www.trivselshagen.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=29832&MId1=150001

Torgdagen er i gang med 32 fantastiske utstillarar 🤩Her finn du noko for ein kvar smak!Ta turen!
20/09/2025

Torgdagen er i gang med 32 fantastiske utstillarar 🤩
Her finn du noko for ein kvar smak!
Ta turen!

🤩
20/09/2025

🤩

Vi er klar for årets torgdag frå kl. 10.00 til 16.00 i morgon. Og dagen ser ut til å bli strålande!  Det er heile 32 uts...
19/09/2025

Vi er klar for årets torgdag frå kl. 10.00 til 16.00 i morgon. Og dagen ser ut til å bli strålande!

Det er heile 32 utstillarar/stands som har meldt seg på, så her blir det noko for ein kvar smak!

Felleskjøpet Agri
Vest Traktor AS,Eiksenteret Førde
Nordfjord folkehøgskule
Ravnestad Gard
Coast Seafood
Kadaver Restaurant og Vinhus
Frøysagarden
Tystad Fruktgard
Påldtun frukt og bær
Kandal ysteri og gardsmat
Mor Sigfrid Bakst
Fjellestad Gardskjøken
4kløver thaimat og catering ANS
Kandal Kjøtt
Matstova
Torbjørn Feldt
ANTICA SALUMERIA AS
Kystkulturlaget i Vågsøy
Reksta villsau
Høgt og Vilt, Urter frå Devik
Sandane Thaimat
Oppstryn Urtemanufaktur
Kvalitet fra havet ved Andre’ fredriksson
Soppkontroll
Gloppen Hagelag
Gardsbrenneriet
Nordfjord Laks As
Lomelde fruktgard
Gloppen Bygdekvinnelag
Godt frå Gjærabruket

Laurdag opnar Gloppen Produsentlag SA lageret sitt med utsalg av frukt, grønsaker og bær frå lokale produsentar! 🍎🥔🍏🫐Her...
18/09/2025

Laurdag opnar Gloppen Produsentlag SA lageret sitt med utsalg av frukt, grønsaker og bær frå lokale produsentar! 🍎🥔🍏🫐Her får du kjøpt i både i store og små kvantum. Legg også turen innom Hageland der dei har knalltilbod på m.a. frukttre til -50%!! 🌳🍎 Ta turen utom Kattahamrane under Torgdag - Matamål 2025 mellom kl.10-16!

🤩
17/09/2025

🤩

✨ Vin & Matoppleving under Matamål ✨Fredag 19. september inviterer Sølvane - matbar til ei heilt spesiell "Vin- og matkv...
17/09/2025

✨ Vin & Matoppleving under Matamål ✨
Fredag 19. september inviterer Sølvane - matbar til ei heilt spesiell "Vin- og matkveld" midt i hjartet av Sandane! 🍷🍴

Vertskapet Eivind og Torstein finn fram sine personlege vinfavorittar og kombinerer dei med ei smakfull delemeny – ei oppleving som gir deg både kunnskap, smaksglede og festivalstemning.

👉 Program:
18.00: Loungen er open for ein mjuk start
18.30: Vi set oss til bords – vinsmaking, middag og festaften

Pris: 995,- pr. person
(Inkluderer vinsmaking + middag. Drikke til middagen kjem i tillegg)

📩 Book no via www.solvanematbar.no
eller send e-post til [email protected]

(Hugs å melde frå om allergiar ved påmelding.)

🍇 Ein kveld for deg som vil oppleve Matamål på sitt mest smakfulle – vi sjåast på Sølvane Matbar!

Adresse

Nordstrandsvegen 2
Sandane
6823

Telefon

+4791896507

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Matamål - matfestivalen i Sogn og Fjordane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Matamål - matfestivalen i Sogn og Fjordane:

Del

Type