Dato: Tysdag 5. november
For første gong blir Bjørnafjordkonferansen arrangert - ein møteplass for næringsdrivande, politikarar og gründarar i komande Bjørnafjorden kommune og i nabokommunane.
Regionen vår er i stor endring, og endring påverkar næringslivet. Med Bjørnafjordkonferansen ønsker vi å bringa næringslivet tettare saman og skapa nye møteplassar som kan vera med å forma vekst og utvikling rundt Bjørnefjorden. På tvers av ulike bransjar innan næringsliv, kommunal drift og innovasjon kan vi saman vera med på å påverka vekst og endringar lokalt. Kor vil vi vera om ti år?
Program
08.30 - 09.00
Registrering
09.00 - 09.25
Åpning av Bjørnafjordkonferansen
Arne Hjeltnes opnar konferansen “Saman om vekst” med eit lokalt kulturinnslag og tale frå ordføraren i Bjørnafjorden kommune
09.25 - 10.10
Kari Traa
Med foredraget «Ei humpete og kul reise» fortel Kari om oppveksten på Voss, om korleis interessa hennar for freestyle vart fødd og om korleis ho har klart å halda drivet og motivasjonen oppe.
10.10 - 10.35
Jannicke Hilland
Konsernsjef i BKK Jannicke Hilland. Korleis var vegen til konsernsjefstilling i ei stor bedrift?
10.35 - 11.00
Pause
11.00 - 11.30
Nina Broch Mathisen
Tenkjer vi stort nok?
11.30 - 12.00
Sofaprat
Arne Hjeltnes leiar diskusjonen om vekst i Bjørnafjorden. Med seg i sofaen har han lokale næringslivsleiarar. Hva er viktig for vekst i Bjørnafjordregionen?
12.00 - 13.00
Lunsj
13.00 - 13.45
Mons Ivar Mjelde
Foredraget heiter "saman er vi sterke" og synleggjer kva slags krefter som rår i ei gruppe som har bestemt seg for å nå eit mål saman. Kva er ansvaret mitt - og bidraget mitt - for å vera ein god lagbyggar?
13.45 - 14.00
Fjordfondet
I samarbeid med Sparebanken Vest tildeler Bjørnafjorden Næringsråd årleg midlar frå Fjordfondet. Fjordfondet har som formål å forvalta gåvemidlar løyvd av Sparebanken Vest. Midlane skal brukast til næringsutvikling i Bjørnafjorden kommune.
14.00 - 14.30
Pause
14.30 - 14.50
Lyseparken
Kva skjer i Endelausmarka? Flinke folk fortel om planane for Lyseparken og korleis utbygginga vil vera med å forma Bjørnafjordregionen i framtida.
14.50 - 15.15
Sofaprat med ordførera
Arne Hjeltnes leiar diskusjonen om vekst i Bjørnafjorden. Med seg i sofaen har han lokale orførera frå Bjørnafjordregionen?
15.15 - 16.00
Ingebrigt Steen Jensen
I foredraget gjennomgår Ingebrigt dei fire-fem tinga dei beste verksemdene i verda gjer spesielt godt – betre enn konkurrentane sine, og dessutan påfallande likt.