06/11/2024
Vi er så heldige å ha med oss cellisten Inga Grytås Byrkjeland frå Førde for andre gang i NordfjordKammer til helga, og ho har dette å melde til Nordfjord-publikummet!
1. Kva er det beste med å spele kammermusikk?
- Altså, det å spele kammermusikk er berre det kjekkaste ein kan halde på med. I kammermusikken får ein vere både sosial og solistisk, alle har 100% ansvar for eiga stemme, og likevel speler vi på lag. Det inviterar til leik og spontanitet, og dette er det beste med kammermusikk, syns eg! Og så er jo repertoaret heilt fantastisk!
2. Kva gleder du deg mest til under NordfjordKammer 2024?
- Eg gler meg til å spele herleg musikk med herlege menneske, og så gler eg meg til ei helg heime i Fjordfylket med frisk luft og haustfjell rundt meg!
3. Kva er ditt beste tips for dei som syns at klassisk musikk kan vere litt vanskelig tilgjengelig?
- Finn den klassiske musikken som ikkje kjennest vanskeleg for deg! Eg lovar at den finst, for feltet er så enormt. Prøv å lytt på musikk frå forskjellige epoker og stilartar. Du kan t.d. starte med å høyre Les musiciens du Louvre spele Rameau eller Lully, lytte gjennom «Lever du jour» fra 2. suite av Ravel sin ballett Daphnis et Chloe, sette på Goldbergvariasjonane av Bach medan du arbeider eller die Winterreise av Schubert ein grå vinterdag, eller - om du har sjansen- gå på konsert! Høyr eit orkester spele noko russisk neoklassisk, ein pianist spele Mozart, eller ein vokaltrio synge renessansemusikk - kanskje kjem du ut igjen heilt fjetra, rørt og endra!