Sykkel for vatn

  • Home
  • Sykkel for vatn

Sykkel for vatn Vi er tre godt vaksne menn som ynskjer å sykle fra Norge til Gibraltar. Vi er Bjarne Reime, Bjørn Leirvik, Olav Nilsen og Sigurd Marlov Antonsen.

Turen skal gå til inntekt for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for reint vatn for menneske i nød. Vi er 4 personar i alderen 63 til 72 år som planlegg ein sykkeltur gjennom Europa frå Norge til Gibraltar,ein strekning på omlag 4000 km. Vi er Bjarne Reime, Bjørn Leirvik og Olav Nilsen, alle frå Nissedal kommune i Vest-Telemark, og Sigurd Marlov Antonsen frå Arendal. Turen startar i midten av september

2022 og vil ta vel ein månad. Før og under turen ynskjer vi å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for reint vatn til menneske i nød. Dette fordi Kirkens Nødhjelp i dag vert rekna som ein av verdas fremste aktørar på dette feltet. Mykje av deira arbeid er retta mot Afrika. Ved å legge opp ruta frå Norge til Gibraltar, bringar med reint symbolsk vatn mot Afrika. Vi håpar du vil støtte vår innsamlingsaksjon, kvar krone tel! Firma/organisasjonar som støttar aksjonen, vil kunne få logoen sin på vår facebookside SYKKEL FOR VATN. Alle kan få inntektsfrådrag for gåver over 500 kr. Sykkelturen vil du kunne følge dag for dag på vår facebookside. Vi set måletsettinga for innsamlingsaksjonen til 250.000 og håpar at me kan utvide dette seinare !

01/04/2022

Per 31. mars er det totalt kome inn kr 44 500 til prosjektet vårt. 🎉

Me takkar spesielt Austad Elektro AS for den rause gava på 10 000 og Dyrud Elektro AS for 2 000. Nissedal kommunestyre har i kveld bevilga 20 000 !

Ein stor takk for alle gåver så langt💧🚴🏻

09/02/2022

INNSAMLINGSAKSJONEN
Per 1. februar har me fått inn 33 100 av ein målsetting på 250 000 kr.

Me har så langt berre vore i kontakt med eit par tre firma og skal no auke denne aktiviteten framover.

Me takkar for 20 000 kr fra Smarte Hytter AS!

Me takkar og for bidrag frå mange privatpersonar!

Mvh Bjarne og resten av sykkelteamet 🚴🏻

03/01/2022

Bakgrunnen for Sykkel for vatn er Bjarne Reime og hans ønske om å feire 70-årsdagen på en litt annleis måte. Les om kva som var motviasjonen for å sykle for vatn:

Som aktiv idrettsutøvar , langrenn og langdistansespringing, i 20 år har eg alltid likt fysiske utfordringar. For vel 10 år sidan var begge hoftene utslitne . Dei nye hoftene fungerte bra, men ikkje til springing. Eg måtte difor finne nye måtar å trimme på dei årstider eg ikkje kunne gå på ski.

Etter kvart har eg vorte glad i å sykle og har nokre år hatt ein draum om å gjennomføre ein tur over ein lengre periode. Gjennom sommaren har eg fått testa ut at beina tåler ei slik påkjenning.
Samstundes ville eg ikkje at dette berre skulle bli ein "egotrip" , men at eg kunne kombinere det med innsamling til eit veldedig formål. Valet fall på Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for reint vatn i fattige land. På dette feltet er det eit enormt behov for hjelp i mange av dei fattige landa, ikkje minst i Afrika.

Prosjektet er veldig konkret og eit felt der Kirkens Nødhjelp har vore ein av dei fremste aktørane i verda i årtider.
Kirkens Nødhjelp var frå fyrste stund svært positive til ideen om å sykle frå Norge til Gibraltar for på symbolsk vis å bringe reint vatn til Afrika. Eg ville ikkje våge å legge ut på ein slik tur aleine , difor er eg svært glad for at dei erfarne syklistane Bjørn, Olav og Sigurd har lyst til å vere med på prosjektet.

Prosjektet vart lansert under feiringa av min 70-årsdag 27. november og har fått berre positiv mottaking, så me er allereide godt igang med innsamlinga.

16/12/2021

Søndag stiller Bjarne opp på Kirkens Nødhjelp sin sending Julekort fra hele Norge og forteller om Sykkel for vatn. Han kommer på rundt klokken 22 og du kan se han her:
https://fb.me/e/Vv6TRolM

Vi er 4 personar i alderen 63 til 72 år som planlegg ein sykkeltur gjennom Europa frå Norge til Gibraltar,ein strekning ...
23/11/2021

Vi er 4 personar i alderen 63 til 72 år som planlegg ein sykkeltur gjennom Europa frå Norge til Gibraltar,ein strekning på omlag 4000 km. Vi er Bjarne Reime, Bjørn Leirvik og Olav Nilsen, alle frå Nissedal kommune i Vest-Telemark, og Sigurd Marlov Antonsen frå Arendal.

Turen startar i midten av september 2022 og vil ta vel ein månad.
Før og under turen ynskjer vi å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for reint vatn til menneske i nød. Dette fordi Kirkens Nødhjelp i dag vert rekna som ein av verdas fremste aktørar på dette feltet. Mykje av deira arbeid er retta mot Afrika. Ved å legge opp ruta frå Norge til Gibraltar, bringar med reint symbolsk vatn mot Afrika.

Vi håpar du vil støtte vår innsamlingsaksjon, kvar krone tel! Firma/organisasjonar som støttar aksjonen, vil kunne få logoen sin her på vår facebookside SYKKEL FOR VATN.

Alle kan få inntektsfrådrag for gåver over 500 kr.

Merk betalingen med "Sykkel for vatn"
Kirkens Nødhjelps gavekonto: 1594.22.87248
Kirkens Nødhjelps VIPPS-nummer: 2426

Sykkelturen vil du kunne følge dag for dag på vår facebookside.

Me sykler for vatn fordi- omlag 800 mill, eller kvart niande menneske, har ikkje tilgang på reint vatn.- sjukdom som sku...
23/11/2021

Me sykler for vatn fordi

- omlag 800 mill, eller kvart niande menneske, har ikkje tilgang på reint vatn.

- sjukdom som skuldast ureint drikkevatn og dårlege sanitær- og hygieneforhold fører til at 100 barn døyr kvar dag.

- klimakrisa skaper stadig større vassmangel i delar av den fattige verda.

- med tilgang på nok vatn kan mange fattige auke levestandaren ved hjelp av smarte vatningssystem og nye jordbruksmetodar.

Reint vatn er ein menneskerett.

Address

Nissedal

3855

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Sykkel for vatn posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Business

Send a message to Sykkel for vatn:

  • Want your business to be the top-listed Event/venue?

Share