20/04/2026
Ei endring i avlsplanen for fjordhest opnar for at vaksne hopper og vallakar som ikkje avlegg køyreprøve, kan tildelast sløyfe på lik linje med unghestar. Dette vil gjere at hestar som ikkje kan køyrast, eller der eigar av andre grunnar ikkje kan eller vil gjennomføre køyreprøve, likevel kan få ei eksteriørbedømming.
Norsk Hestesenter har innført eit nytt system for innmelding til utstilling, og i dette skjemaet er det ikkje mogleg å melde på vaksne hopper som ikkje tidlegare er vist utan å krysse av på at dei skal avlegge køyreprøve. Vil du vise den vaksne hesten din utan å avlegge køyreprøve, i 2026, må du først melde den inn som vanleg på www.hestenett.no og velge køyreprøve, og deretter sende ein e-post til [email protected] med info om namn på hest og utstillingsstad og gje beskjed om at du ikkje skal avlegge køyreprøve.
NB! Dette gjeld ikkje dei hestane som har avlagt køyreprøve tidlegare og skal visast på nytt i år, kun hestar som ikkje tidlegare er vist som vaksne.