25/09/2022
TAKK FOR OSS, SKÅLA!😀🙁❤️
I helga vart "Skåla Opp" historie. Då samla arrangørstaben seg til avslutningsfest i Loen, og punktum for 20 års motbakkehistorie vart sett.
I samfulle 20 sesongar har frivillige i Loen idrettslag og Olden Raude Kors, saman med tilsette ved Alexandra Hotell, arrangert "Skåla Opp". Løpet som har vore eit av dei største og mest prestisjefylte motbakkeløpa i Norge.
Totalt har 25 262 deltakarar vore på toppen i samband med løpet på desse 20 åra, og dei frivillige har blitt tilgodesett med langt over to millionar kroner frå overskotet. Som har gått til vidare utvikling i lokalsamfunnet inst i Nordfjord.
Takk til Erik🥳🥳🥳
Samstundes var avslutningsfesten eit ypperleg høve til å takke Erik Brendefur for sin 20 års unike innsats for "Skåla Opp". Hotelldirektør Richard Grov heldt ein flott takketale, og overrekte både blomster og ei gigaflaske champagne til løpsgeneralen i alle desse åra.
- Vi er mektig stolte over det du har fått til. Loen har blitt marknadsført gjennom "Skåla Opp", og vi har gjennomført Skålastiprosjektet som gjer at folk i dag har ein lang betre og meir haldbar sti å gå på. Vi har fått på plass ei bok om Skåla, og no har vi håp om at stien skal bli ein nasjonal tursti. Alt dette, og mykje meir, er det du som står for Erik, kunne hotelldirektøren fasthalde.
Og i kjent stil repliserte Brendefur kjapt:
-Dette er ikkje min forteneste. Denne æra vil eg dele med alle frivillige her, understreka han som har hatt ansvar for innpå 200 frivillige til kvart arrangemnent.
Framtid🤫🤫🤫
Samstundes understreka Richard Grov at Alexandra Hotell og staben rundt "Skåla Opp" ikkje er avvikla.
- Nei, alle skal vite at vi jobbar med nye prosjekt. Førebels er ikkje noko bestemt, og det er mange idear. Men vi skal følgje med på tidsånden, og kjem snart til å komme opp med noko, sa Grov lurt.
Så for alle som har positive opplevingar i dette motbakkeløpet, så er det lurt å følgje med vidare på denne sida.
For sjølv om "Skåla Opp" er historie, så består både Skåla, stien opp og ikkje minst alle dei frivillige i Loen, Olden og Stryn.
Vel blåst, og som det vart understreka under festmiddagen:
SKÅL´A! ❤️❤️❤️
Tekst og foto: Stig Roger Eide