Lærdal strikkefestival

Lærdal strikkefestival Velkommen til Lærdal strikkefestival 16.–18. januar! Festivalen samlar strikkeglade frå fjern og nær til ei helg med strikkeglede og sosialt samvær.

Saknar du strikkefestivalen? Vel då kan du gle deg til ny strikkekino allereie veka etter påske.Torsdag 9. april viser L...
16/03/2026

Saknar du strikkefestivalen? Vel då kan du gle deg til ny strikkekino allereie veka etter påske.

Torsdag 9. april viser Lærdal kino den Oscar-vinnande filmen Hamnet kl. 19.30. Før kinoen vert det strikkekafé i der du kan treffa andre strikkeglade og nyta mat og drikke etter eige ynskje.

Om filmen:
Hamnet fortel om den sterke kjærleikshistoria og tragedien som inspirerte Shakespeare sitt tidlause verk, Hamlet. I knallsterke hovudrollar finn me Oscarvinnaren Jessie Buckley og Paul Mescal som Agnes og William Shakespeare. Korleis går ein vidare som foreldre når den største ulukka inntreff? Filmen har hausta eit dryss med gode kritikkar rundt den følsame og djuptgåande handteringa av eit sterkt tema.

Strikkekino er sosiale og trivelege filmforestillingar spesialtilpasset deg som gjerne vil halde pinnane i gang, og kanskje møte andre strikkarar, mens du ser ein god film. Me har litt lys på i salen under filmen, slik at du kan sjå pinnar og maskar.

PS. Du er velkomen på film utan strikketøy og.

Takk for støtta! 🧶✨Me vil retta ei stor takk til sponsorane og samarbeidspartnarane våre som bidrog med premiar til fest...
27/01/2026

Takk for støtta! 🧶✨
Me vil retta ei stor takk til sponsorane og samarbeidspartnarane våre som bidrog med premiar til festivallotteriet, lån av lokale og anna støtte.

Dette gjorde Lærdal strikkefestival mogleg – og me er verkeleg takksame!

Takk til: .neumann .og.strikkebui Nasjonalt villakssenter Lærdal og Norway’s best 💛

23/01/2026

Tusen takk for ein fantastisk Lærdal strikkefestival! 🧶✨

No vil me gjerna høyra kva du synest – slik at me kan gjera festivalen endå betre neste gong ;)

Evalueringsskjemaet tek ca. 5–8 min og er anonymt.

👉 Klikk på lenka under

Veldig kjekt at Sogn Avis tok turen innom festivalen i helga 🤩
18/01/2026

Veldig kjekt at Sogn Avis tok turen innom festivalen i helga 🤩

– Dette er fyrste gongen eg set meg ned i dag. Dette har gått over all forventning, seier G**o Nesse.

Tusen takk til alle som kom på Lærdal strikkefestival i helga! Me har kosa oss glugg, og håpar alle de som tok turen inn...
18/01/2026

Tusen takk til alle som kom på Lærdal strikkefestival i helga! Me har kosa oss glugg, og håpar alle de som tok turen innom gjorde det same 🥰

Ein stor takk til publikum, utstillarar, frivillige og føredragshaldarar for at de stilte opp og gjorde festivalen så bra!

No skal me senka skuldrene og kosa oss med bilder og inspirasjon - så får me sjå om me kan få dette til igjen ein gong 😉🤞

Foto: Inger Johanne Kaardal/Renate Fossen

Takk for besøket Myrudl!!
18/01/2026

Takk for besøket Myrudl!!

Takk for to flotte dagar!I morgon, søndag, er det ope garnmarknad frå kl 11-13 i kulturhuset. Dei som står her då er:Myr...
17/01/2026

Takk for to flotte dagar!

I morgon, søndag, er det ope garnmarknad frå kl 11-13 i kulturhuset.

Dei som står her då er:
Myrudl
Skapercraft
Valley of yarn
SB Swimwear
Huldra husflid
Strikketerapi

Festivalen er i gang og me har opna dørene. Her er noko av det du kan oppleve denne helga!🤩
16/01/2026

Festivalen er i gang og me har opna dørene. Her er noko av det du kan oppleve denne helga!🤩

Adresse

Øyraplassen 14
Lærdalsøyri
6887

Nettsted

https://laerdal.kommune.no/tenester/kultur-nar

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lærdal strikkefestival legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del

Type