14/09/2026
Oktoberfest 2026 er historie, og no startar arbeidet med å planleggja ny oktoberfest i 2027.
Me skal vera heilt ærlege å innrømma at me vurderte å gi oss etter årets festival, då økonomien har vore tøff og arbeidet med festivalen i forkant har vore ekstremt krevjande.
Det er veldig gledeleg å sjå at daglegvarebutikkane nyt svært godt av ein slik festival. Det var relativt tomt i hyllene når me var innom laurdag😅 Då er me òg med på å bidra til inntekter for andre, og det er ein verdi me set høgt!
No har me endeleg kome dit me ynskjer, og med utselt festival i år, den enorme stemninga og alle gode tilbakemeldingane er det naturlegvis vanskeleg å gi seg på topp🫶🏻
OM me bestemmer oss for å køyra på neste år òg, blir det helga 10. og 11. september, så de kan mest truleg berre setja den av allereie🤗
Kva artist ynskjer de på neste års festival?🤩