06/07/2026
Etter to dagar med rydding er det på tide med ei lita oppsummering😊
For ein kveld det vart i Nordøyhallen på laurdag!
Sjølv om vêret ikkje spelte på lag for første gong sidan 2019, vart det likevel festival slik me hadde håpa på. Artistane leverte til dei grader, publikum skapte fantastisk stemning frå start til slutt, og inne i Nordøyhallen vart det både solnedgang, strandfest og skikkeleg sommarstemning. Med Ullafyret som ei fantastisk kulisse i baren fekk festivalområdet eit heilt spesielt preg, og mange har sagt at dei nesten gløymde at dei var innandørs.
Tilbakemeldingane me har fått frå publikum etter festivalen har vore utruleg gode, og det set me stor pris på. Like kjekt var det å høyre tilbakemeldingane frå politiet, vaktene og Røde Kors. Dei kunne fortelje om ein festival med berre god stemning, hyggelege festivalgjester og null problem å handtere. Slike tilbakemeldingar er noko av det beste me kan få, og det er ein stor honnør til alle som var med og bidrog til den gode atmosfæren gjennom heile kvelden.
Samtidig ønskjer me å rette den aller største takken til alle som gjorde denne festivalen mogleg. Ein ting er artistar, lyd, lys og frivillige - men aller mest ønskjer me å løfte fram ungdommen vår. Nordøyane må ha verdas beste ungdom. Her er det ungdom heilt ned i 15-årsalderen som stiller opp på dugnad til langt ut på natta, før dei står opp att for sommarjobb neste morgon. Etter jobb kjem dei tilbake og held fram med dugnadsarbeidet. Slik har mange halde på i veker for at lokalsamfunnet skal få oppleve ein festival dei kan vere stolte av. I lag med dei litt eldre frivillige skaper dei noko heilt spesielt, men det er umogleg å ikkje bli imponert over innsatsen, haldningane og engasjementet til desse ungdommane. Me som sit i organisasjonen er utruleg stolte av dei. Dei er rett og slett unike.
Før me rundar av, må me òg rette ei stor og hjarteleg takk til sponsorane våre. Utan dykk hadde Havgaprock rett og slett ikkje vore mogleg å gjennomføre. Me er så heldige å ha eit næringsliv i regionen som verkeleg ser verdien av å skape liv og aktivitet i lokalsamfunna våre. Bedriftene rundt oss stiller opp år etter år og bidreg til at me kan arrangere festival, familiedag og skape gode opplevingar for både små og store. Det er ikkje noko me tek for gitt, og me er utruleg takksame for tilliten de viser oss.
Ei ekstra stor takk går til generalsponsoren vår, Sparebanken Møre. Dei er mykje meir enn ein sponsor. Dei er ein bank som verkeleg bryr seg om lokalsamfunna sine og som investerer i menneska, frivilligheita og aktivitetane som skaper liv på Nordøyane. At dei har tru på Havgaprock og det me ønskjer å skape betyr enormt mykje for oss. Både festivalen og familiedagen hadde rett og slett ikkje vore mogleg å arrangere utan den støtta dei gjev. Me er utruleg stolte over å ha Sparebanken Møre med på laget.
Det aller meste som Havgaprock kunne kontrollere gjekk knirkefritt gjennom heile festivalen. Dessverre fekk me problem med bussane, noko som gjorde at fleire fekk ein dårleg start på festivalopplevinga. Etter å ha undersøkt saka har me fått stadfesta at bussjåførane ikkje hadde motteke dei oppdaterte rutene frå Vy etter at festivalen vart flytta inn i Nordøyhallen. Då måtte me tenkje raskt, og fekk sendt ut privatsjåførar for å hente festivaldeltakarar som stod og venta. Dette er noko me tek på alvor. Til neste år skal me vere endå grundigare med å kontrollere at all informasjon har kome fram til dei rette instansane, slik at transporten går som planlagt.
Til alle som kom på festival, støtta oss, stilte på dugnad eller bidrog på andre måtar: Tusen takk. Det er de som gjer Havgaprock mogleg🧡
Fleire bilete og video kjem seinare🙌🏻