13/03/2026
Melkesyrefestivalen har vore arrangert sidan 2019, og mange av dykk har vore med som publikum, frivillige, samarbeidspartnarar og støttespelarar.
No har vi teke eit viktig steg vidare:
Melkesyrefestivalen er no organisert som ei ideell foreining.
Kvifor gjer vi dette?
Fordi vi ønskjer å gjere formålet tydeleg og varig:
Melkesyrefestivalen skal vere ein trygg, inkluderande og brei møteplass “for folk flest” – og eit verktøy for å skape meir aktivitet i Høyanger gjennom året.
Kva betyr det i praksis?
Festivalen blir drive på frivillig basis, og vi jobbar for breidde, mangfald og inkludering.
Vi ønskjer å byggje lokal kompetanse og meistring – særleg ved å involvere ungdom i produksjon og gjennomføring.
Vi skal jobbe for varige løysingar som gjer det enklare for lag, foreiningar og initiativ å få til arrangement (låg terskel).
Eventuelle overskot skal bli verande i formålet og gå til vidare drift og utvikling – og på sikt ønskjer vi å etablere ei søknadsbasert ordning som kan støtte lokale tiltak innan kultur, idrett og ungdom.
Dette handlar kort sagt om å skape meir trivsel, meir kultur og meir fellesskap i Høyanger – ikkje berre to dagar i august, men over tid.
Vil du vere med?
Vi treng alltid frivillige, samarbeidspartnarar og støttespelarar. Har du lyst å bidra – eller har eit lag/initiativ som kan samarbeide med oss – send oss ei melding her på sida.
Takk for at de heiar på lokalt engasjement 💙
– Melkesyrefestivalen forening