Vetenløpet

Vetenløpet Informasjon om Vetenløpet i Bremanger i Sogn og Fjordane. Her vert det lagt inn bileter resultat og a Vert arrangert andre laurdagen i juli kvart år.

Motbakke- og mosjonsløp frå Grotlesanden til Veten, 527 moh. For å delta i konkurranse må ein fylle 15 år i kalendaråret. Løypa er 4,6 km med start nede på Grotlesanden der løypa etter ca 500 m går over til bratt terreng opp mot Grolsdalen som ligg på ca 290moh. Etter Grolsdalen vert det ei ny bratt stigning opp mot Hasalråkja før ein kjem opp på Vetenplatået og ca 1,5 km flatt terreng og løpets e

inaste nedoverbakke før ein tek til på siste slakke stigninga opp til Veten. Prisar: barn kr 75,-
vaksne (mosjon) kr 200,-
konkurranse kr 300,-
I tillegg må det kjøpast lisens frå Norges Friidrettsforbund for alle deltakarar over 13 år. Meir om lisens her: http://www.friidrett.no/lisens/Sider/Lisens-2014.aspx

10/04/2022

Til info: Det vert ikkje Vetenløp i 2022!

Det er ei utfordrande tid vi er inne i med tanke på å gjennomføre arrangement med mange deltakarar. Vi i Vetenløpstyret ...
17/03/2021

Det er ei utfordrande tid vi er inne i med tanke på å gjennomføre arrangement med mange deltakarar. Vi i Vetenløpstyret har no bestemt at vi dessverre må avlyse Vetenløpet 2021. Dette på grunn av smittesituasjonen som er no, samt at det for tida er vanskeleg å få tak i nok folk til å sitte i styret. Vi håpar at det blir enklare neste år!🤞om nokon er interesserte i å vere med i styret er det berre å ta kontakt 😉

Vi i Vetenløpstyret har no komme fram til at vi dessverre må avlyse årets løp på grunn av den usikre tida vi er inne i. ...
29/03/2020

Vi i Vetenløpstyret har no komme fram til at vi dessverre må avlyse årets løp på grunn av den usikre tida vi er inne i. Det er vanskeleg å skulle planlegge eit så stort arrangement utan å vite om vi får gjennomført det. Vi håpar på forståing for dette og ynskjer alle deltakarar velkomne tilbake i 2021! 😊 Ta vare på kvarandre ❤️

Vetenløpet 2019 blei ei flott oppleving med mykje folk og god stemning på Veten. Ca 500 personar fekk med seg løpet og o...
26/07/2019

Vetenløpet 2019 blei ei flott oppleving med mykje folk og god stemning på Veten. Ca 500 personar fekk med seg løpet og opning av Vetehytta. For å kunne gjennomføre eit slikt arrangement er vi avhengige av gode støttespelarar rundt oss. Vi vil med dette takke grunneigarane på Grotle som let oss arrangere løpet, alle våre sponsorar for økonomisk støtte, Svelgen-Bremanger Røde Kors for tryggleik i løypa og den fantastiske dugnadsgjengen som stiller år etter år! Og sist, men ikkje minst tusen takk til alle deltakarane som tok turen denne dagen, utan dokke blir det ikkje løp! Håpar å sjå alle igjen neste år! TUSEN TAKK! 😊👏

Nye aldersrekordar under Vetenløpet: Det er ikkje berre eliteløparane som imponerte under Vetenløpet, også blant veteran...
21/07/2019

Nye aldersrekordar under Vetenløpet: Det er ikkje berre eliteløparane som imponerte under Vetenløpet, også blant veteranane finn vi fleire sterke prestasjonar. I år registrerte vi 2 nye klasserekordar og det var Herbjørn Brennhovd i H 70-74 år som brukte 44:00 frå Grotlesanden til Veten og Ole Jonny Vallestad i H 50-54 som sprang på tida 34:29. Vi registrerte følgande topp 3 plasseringar i dei ulike aldersklassane:

1.plass H 70-74: Herbjørn Brennhovd, 44:00
1.plass H 50-54: Ole Jonny Vallestad, 34:29
2.plass D 65-69: Undis Nødset, 58:57
2.plass H 65-69: Aage Torvanger, 41:05
3.plass H 75-79: Hans Bjørn Kvalsvik, 01:00:17
3.plass D 17-22: Karoline Erdal, 35:50

Full oversikt over klasserekordar finn du her: http://vetenlopet.no/index.php/10-resultat/36-klasserekordar

Her er ein kort dronefilm av den nye Dagsturhytta Vetehytta. Dette var 8 dagar før Vetenløpet 2019 og det var heilt skod...
18/07/2019

Her er ein kort dronefilm av den nye Dagsturhytta Vetehytta. Dette var 8 dagar før Vetenløpet 2019 og det var heilt skoddefritt den dagen ;-) Takk til Joachim Norstrøm Rabben for bidraget.

Dronefilm av monteringing Vetehytta fredag 05.07.2019. Filma avJoachim Norstrøm Rabben.

Tusen takk til alle våre sponsorar som gjere det mogleg for oss å gjennomføre Vetenløpet år etter år! Ei spesiell takk t...
14/07/2019

Tusen takk til alle våre sponsorar som gjere det mogleg for oss å gjennomføre Vetenløpet år etter år! Ei spesiell takk til våre hovudsponsorar SFE og Terje T Holding! 👏🏃‍♂️🏆

Flott repotasje av Helge Fugleseth frå Kondis Møre & Romsdal.
14/07/2019

Flott repotasje av Helge Fugleseth frå Kondis Møre & Romsdal.

Grotlesanden i Ytre Bremanger er startsted for motbakkeløpet opp mot fjellet Veten og er norges vestligste motbakkeløp. Løpet går igjennom Grolsdalen til Vetenplatået som er 527 meter over havet og ligger i fjordfylket Sogn og Fjordane. Lengden på løypa er 4,6 km

Mange flotte bileter tatt frå ulike delar av løypa av Kondis Møre og Romsdal sin utsendte reporter Helge Fugleseth.
13/07/2019

Mange flotte bileter tatt frå ulike delar av løypa av Kondis Møre og Romsdal sin utsendte reporter Helge Fugleseth.

13/07/2019

Klassevinnarar og medaljar:

Vi har alltid hatt premieutdeling til klassevinnarar før samanlagtvinnarane vert premiert. Pga opning av Vetehytta, litt sur skoddevind og småstressa arrangørar vart dette desverre ikkje gjennomført godt nok i dag. Dette beklagar vi og kjem garantert til å gjere ein betre jobb neste år. Dei av klassevinnarane som ikkje fekk premiepengane på kr 500,- kan ta kontakt med Vetenløpet som melding her eller på mail: [email protected].

Også medaljar gjekk vi tom for før alle kom i mål, men ta kontakt så ordnar vi det og.

Vi fekk følgande klassevinnarar i det femtande Vetenløpet:
D 14-16: Sara B. Aarne, Markane IL, 43:49
D 17-22: Karoline Erdal, Førde IL, 35:50
D 23-34: Eli Anne Dvergsdal, Gneist, 34:06
D 40-44: Silje Blindheim, Apropos Trening, 39:01
D 45-49: Bente Bakke Nødset, Førde, 41:22
D 50-54: Liv Janne Nergaard, Hundvåg, 53:48
D 55-59: Mary Moe, Nausthågane Motbakkef., 46:09
D 60-64: Norunn Stavø, Florø T og IF, 43:04
D65-69: Undis Nødset, Florø T og IF, 58:57

H 14-16: Tørres Bjelland Nøstdal, Eid IL, 38:59
H 17-22: Trym Dalset Lødøen, Haugen IL, 31:52
H 23-34: Thorbjørn Ludvigsen, Varegg Fleridrett, 26:48
H 35-39: Rudi Heilund, OS, 37:53
H 40-44: Hans Jacob Sausjord, Haugesund, 38:52
H 45-49: Per Ove Walaker, Fanaråk IL, 33:50
H 50-54: Ole Jonny Vallestad, Førde, 34:29
H 55-59: Jan Arve Solheim, Eikefjord Ski, 35:45
H 60-64: Rune Gjerstad, Mjøsdalen IL, 40:33
H 65-69: Harald Nygård, Fil Aks-77, 40:41
H 70-74: Herbjørn Brennhovd, GOL IL, 44:00
H 75-79: Birger Normann Hanstveit, Mjøsdalen IL, 46:53

Mange sterke prestasjonar, og takk til alle mosjonistane som var med å lage ei fantastisk stemning på toppen sjølv om det blei vel kaldt når skodda kom.

Vi gratulerer Thorbjørn Ludvigsen og Eli Anne Dvergsdal med kvar sin siger i Vetenløpet i dag 😀
13/07/2019

Vi gratulerer Thorbjørn Ludvigsen og Eli Anne Dvergsdal med kvar sin siger i Vetenløpet i dag 😀

Find all the latest results for Vetenløpet 2019 right here.

Adresse

Grotlesanden
Grotle
6727

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vetenløpet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del