23/08/2026
Takk for i år! 🤠
Norsk Storbiltreff 2026 er ferdig for denne gong, og vi sit igjen med mange gode minner frå helga på Breim!
For oss som arrangørar er det ekstra kjekt å sjå både små og store kose seg med aktivitetane på familiedagen.
Og så må vi sjølvsagt trekke fram alle som brukar utallige timar på lastebilar, veteranbilar, traktorar og andre flotte køyretøy, og som tek turen til Breim for å vise dei fram. Det er utruleg kjekt å få samle så mykje flott på eitt og same område! 🚛
Bak ei slik helg ligg det mange timar med arbeid. Vi er utruleg takknemlege for dugnadsgjengen, sponsorane og alle andre som bidreg for å få arrangementet på plass🤩
No er siste rest rigga ned, og vi set punktum for Norsk Storbiltreff 2026.