Festivalen Jørn Hilme-stemnet – også kjent som Hilme – vart arrangert fyrste gong i 1960 og er med det den eldste folkemusikkfestivalen i landet, og ein nestor i det organisatoriske folkemusikkarbeidet i landet. Hilme er ingen eksklusiv festival for valdrisane åleine, men er ein smeltedigel for alle tradisjonsområde, for alle interesserte, i alle aldersgruppe. I folkemusikken er det stor plass – a
nten du speler, dansar, eller du berre ynskjer å lye til tonane. Hilme tek eit særleg ansvar for den norske folkemusikk- og folkedanstradisjonen, både tradisjonelle uttrykk men òg nyskapande uttrykk på tvers av sjangrar. På festivalen møter tradisjonen nye straumar i tida, på Hilme slår det tradisjonelle følgje med det nye – i møte mellom amatørar og profesjonelle, i solospel og samspel. Hilme – tradisjonsfundert, ja, visst, men aldri umoderne. Strunkeveko er den andre viktige foten i folkemusikkarbeidet i Valdres. Strunkeveko – etablert i 1998 – er starten på eit folkemusikkliv, og er ei kursveke for born og ungdom, og blir arrangert i forkant av Jørn Hilme-stemnet. Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans. På Strunkeveko får elevane kyndig kursing av dei beste lærarane, og ikkje minst vener i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø. Kursa samlar kjernen av den folkemusikken og folkedansen vi finn i Noreg i dag, og deltakarane får opplæring i heile spekteret av ein musikktradisjon. Sidan 2009 har Valdres folkemusikkarrangement AS stått for drifta av festivalen. Dette er eit ideelt AS eigd av Valdres Folkemusikklag, som er regionlaget for alle spel– og dansarlaga i Valdres.