Jorddøgn litteraturfestival

Jorddøgn litteraturfestival Ein litteratur- og debattfestival på Jæren om jord og jordbruk.
15. - 18. okt 2026! Me ønskjer å tiltrekka oss nasjonal og regional merksemd. og Time historielag.

Festivalen skal nyttast til å ta opp aktuelle problemstillingar knytt til jord, jordbruk og natur, og til å undersøkja språket menneska brukar om desse tema, både det litterære, kvardagslege og fagleg/politiske. Eit overordna mål med festivalen er å skapa rom og gje ei scene til nye måtar å tenka og snakka om dei ulike problemstillingane på, då det å finna ein berekraftig og ny grøn veg, utan at u

tviklinga kollapsar, er ei heilt avgjerande utfordring for vår tid. Jordbrukskonseptet inneber ein hyllest til den jærske bonden og den jærske jorda, då den har gitt opphav til mykje av industrien vår og språk- og kulturuttrykka våre. Ein tanke som ligg til grunn for festivalen er at litteraturen i kombinasjon med jordbruket har eit viktig bidrag å gje til debattane om matproduksjon, jordvern og næringsliv. Me ser på skjønnlitteraturen som eit kulturuttrykk som evner å setta ord på, og romma kompleksiteten i dei spørsmål folk til eikvar tid er opptekne av, både daglegdagse og eksistensielle. Skjønnlitteraturen kan skapa ein større samtale om utvalde jordbruksrelaterte tema, og gje grobotn for både politiske og filosofiske samtalar og debattar. Me ønskjer å nå ut til både byfolk og bønder, både på Jæren og elles i landet. Festivalen blir driven av stiftinga Litteraturhuset på Jæren. Bak konseptet står Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Bjørn Hagerup Røken, Lillian Utne, Inger Størseth Haarr, Gudmund Edland og Peter Strassegger (festivalleiar). Me har fått støtte frå Kulturrådet, Rogaland Fylkeskommune, Jæren Sparebank, Fritt Ord, Bondekompaniet, Garborgsenteret/Time bibliotek, TKS Agri og Rogaland forfattarlag. Me samarbeider også med Tekstallianse, Bokhuset i Stavanger, Foreningen Snakk!

08/03/2026
Bonden si mentale helse fanga opp av Jærbladet
19/10/2025

Bonden si mentale helse fanga opp av Jærbladet

Nokon gonger er alt du treng å høyra, at du held deg betre enn finansministeren med sølvgrått hår.

Frå gårsdagens lesekaraoke på Mellombels ølstove.
19/10/2025

Frå gårsdagens lesekaraoke på Mellombels ølstove.

Bergsvein Birgissons jorddøgnføredrag på Undheim samfunnshus!
19/10/2025

Bergsvein Birgissons jorddøgnføredrag på Undheim samfunnshus!

I nordisk jord. Bergsvein Birgisson, Sanna Samuelsson og Bjørn Ivar Fyksen i samtale med Eirik Eik om nordisk landbruk o...
19/10/2025

I nordisk jord. Bergsvein Birgisson, Sanna Samuelsson og Bjørn Ivar Fyksen i samtale med Eirik Eik om nordisk landbruk og litteratur!

Tor Jacob Solberg, leiar av Norsk bonde- og småbrukarlag, i engasjerande samtale med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten.
19/10/2025

Tor Jacob Solberg, leiar av Norsk bonde- og småbrukarlag, i engasjerande samtale med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten.

Forfattarar og bønder frå både Island, Bjerkreim, Sverige og Auslandet på besøk på Jæren. Kva må dei sjå? Knudaheio og s...
19/10/2025

Forfattarar og bønder frå både Island, Bjerkreim, Sverige og Auslandet på besøk på Jæren. Kva må dei sjå? Knudaheio og strånnå såklart!

Bjørn Ivar Fyksen i samtale med Peter Strassegger om romanen, Gård og grunn.
19/10/2025

Bjørn Ivar Fyksen i samtale med Peter Strassegger om romanen, Gård og grunn.

Framleis mogleg å få billettar til dagens arrangement! Ta med ungane og høyr forteljarkunstnar Marianne Stenerud på Time...
18/10/2025

Framleis mogleg å få billettar til dagens arrangement!

Ta med ungane og høyr forteljarkunstnar Marianne Stenerud på Time bibliotek klokka 13. Så snakker bokmagasinet-kritikar og romanforfattar Bjørn Ivar Fyksen om odel og adel på Mellombels klokka 14. Matpause(?) før me får høyre kva bøker som har inspirert Norsk Bonde- og Småbrukarlag-leiar Tor Jacob Solberg klokka 16. Etter ein drikkepause(?) handlar det om landbrukslitteraturen i dei skandinaviske landa, med Bergsveinn Birgisson (IS), Sanna Samuelsson (SE) og Bjørn Ivar Fyksen (NO). Og til slutt: Lesekaraoke!

Pro tip: Kjøp lørdagspass! Enklare, billigare, betre! Billettar og heile programmet finn du på www.jorddogn.no

Me gler oss til ein ny jorddøgn-dag!

Jorddøgn 2024: 14.-17. november

Ville Sørvesten LIVE!
17/10/2025

Ville Sørvesten LIVE!

Adresse

Bryne
4340

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jorddøgn litteraturfestival legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Jorddøgn litteraturfestival:

Del

Type