Heilmat

Heilmat Ein pause i kvardagen ☕️
Mat&drikke og lokal kunst midt i sentrum av Årdal 🤍
Åpent onsdag - fredag 10:00-15:30. [email protected] Velkommen innom :)

Veekiosken er ei ildsjel i Årdal Kommune. Den har vorte drifta av Vee familien sia
tidlig 60 Tall. Ann Helen Bukve tok over stafettpinnen April 2013. Veekiosken skal tilby god mat med sunne råvarer - og tilby noko for alle!

NY KUNST HOS HEILMATMe er glade for å få kunst av monzita_art på veggane hos oss.Inspirert av vestlandsnaturen skaper ho...
27/05/2026

NY KUNST HOS HEILMAT

Me er glade for å få kunst av monzita_art på veggane hos oss.

Inspirert av vestlandsnaturen skaper ho stemningsfulle verk med ro, refleksjon og nærleik til naturen.

Verka kan også kjøpast gjennom Heilmat.

Velkomen innom for å sjå.

KVELDSÅPENT LAURDAG 30 mai. Åpent for alle fra 21.00. Velkommen🤍
26/05/2026

KVELDSÅPENT LAURDAG 30 mai.
Åpent for alle fra 21.00.
Velkommen🤍

22/05/2026

Litt ASMR video 😎
God pinse folkens!

15/05/2026

Prøver meg live for første gong 😂
Nye varer og litt prat inn mot 17.mai helga 🤍
God helg!

Opningstider for 13.–17. mai 🇳🇴17. mai blir det rømmegraut og spekemat hos oss 🤍Velkommen til fine mai dagar.
12/05/2026

Opningstider for 13.–17. mai 🇳🇴
17. mai blir det rømmegraut og spekemat hos oss 🤍

Velkommen til fine mai dagar.

Kveldsåpent på Heilmat 🌿Laurdag 9. mai18.00–24.00Små retter, god drikke, musikk og fine folk 🤍Velkommen til ein fin kvel...
07/05/2026

Kveldsåpent på Heilmat 🌿

Laurdag 9. mai
18.00–24.00

Små retter, god drikke, musikk og fine folk 🤍

Velkommen til ein fin kveld på Heilmat.

For ei fin start💚Takk til alle som har vore innom og sendt meldingar. Heimesida er no klar – ligg i bio. Velkomen innom ...
03/05/2026

For ei fin start💚

Takk til alle som har vore innom og sendt meldingar.
Heimesida er no klar – ligg i bio.

Velkomen innom oss onsdag 6.mai klokka 10:00🌼

Eige di eiga historieDet er lett å snakke om det som går bra.Vanskelegare å stå i det når det ikkje gjer det.I 2024 star...
02/05/2026

Eige di eiga historie

Det er lett å snakke om det som går bra.
Vanskelegare å stå i det når det ikkje gjer det.

I 2024 starta eg Heilmat.
Ein stad for ekte mat og ekte møte mellom menneske. Mange av dykk sat rundt dei borda – på kurs, lunsjar og kveldar med prat og latter.

Men ting gjekk ikkje slik eg hadde sett føre meg.

Til slutt måtte eg stenge døra.
Det gjorde noko med meg.

I ettertid ser eg det tydelegare:
det finst vendepunkt i livet ein ikkje kjem utanom.

Eg trudde lenge eg berre måtte stå i det.
Presse litt til. Få det til.

Men eg fekk erfare at det ikkje alltid går, uansett kor mykje ein vil.

For ein eig ikkje berre dei gode periodane.
Ein må også stå i dei som var tunge.

Det er ein del av historia.

Heilmat var aldri berre ein kafé.
Det var ein stad å kome inn, setje seg ned og puste litt.

Og kanskje er det nett difor eg ikkje heilt har klart å sleppe taket.

Dette er ingen stor lansering eller ein perfekt plan.
Berre eit ærleg ønske om å skape – og gi rom for gode stunder.

Eg vel å prøve igjen 💚

Velkommen attende til Heilmat.

Eit kapittel skal rundast av – Heilmat legg ned, men takknemda står igjen.Hausten 2024 vart krevjande.Våren 2025 blei pr...
31/10/2025

Eit kapittel skal rundast av – Heilmat legg ned, men takknemda står igjen.

Hausten 2024 vart krevjande.

Våren 2025 blei prega av uflaks, sjukdom og dagar der alt gjekk i motbakke.

Marginane i denne bransjen er små – og dei som står i det kvar dag, veit at det ikkje berre handlar om rekneskap.

Det handlar om menneske, om ansvar.
Om å gi alt du har for å halde liv i noko du trur på.

Sidan 2022 har prisauke, høge råvarekostnader og endra vanar gjort det stadig vanskelegare å få hjula til å gå rundt.

Når ein har ansvar for både drift og menneske, blir det ekstra tungt når økonomien ikkje lenger strekk til.

Til slutt må ein vere ærleg med seg sjølv – og sleppe taket medan ein framleis står stødig.

Dette handlar ikkje om å gi opp, men om å gi slepp – med takk.

Sidan 2013 har eg fått vere ein del av liva dykkar i Årdal – bak kaffikoppen, bak disken, i kvardagen.

Eg har fått dele latter, stress, fest, sorg og små augeblikk som betyr meir enn de trur.

Det har vore eit privilegium å få vere ein del av fellesskapet, og å sjå korleis engasjement og samarbeid skapar varme og rørsle i ei lita bygd.

Takk til familien for støtta gjennom alt,
først og fremst Kjetil, men òg mamma, Bjørn, pappa, Linda, Stefan og onkel Steinar.

Ein ekstra takk til Gry og Gro – de har vore ryggrada i Heilmat.

De har stått i alt, halde ut når det har storma, og alltid møtt dagen med styrke, humor og arbeidsglede.

Takk òg til ungdomane som har gitt meg energi undervegs.
Det har vore utruleg fint å sjå dykk vekse, ta ansvar og finne meistring i arbeidet.

Til alle kundane våre: takk for støtta, trua og dei små kvardagspratane som gjorde alt verdt det.

Og ikkje minst – takk til alle bedriftene og samarbeidspartnarane som har stått saman med oss undervegs.

Etter mange år med innsats, ansvar og engasjement er det rett å avslutte medan grunnmuren står stødig.

Eg ser tilbake med stoltheit – og framover med ro.

💚 Ann Helen

12/05/2025

Denne veka held me kaféen stengt på dagtid, men er bemanna og tilgjengeleg på kveldstid:
Onsdag 15.00-20.00
Torsdag 15.00-20.00
Fredag 10.00-20.00
Automatane er i drift som vanleg, samt alle cateringbestillingar.

Takk for tolmodet – me er snart tilbake med nye opningstider!💚

Del gjerne innlegg 💚

11/05/2025

Heilmat tar ein liten pause i morgon
Me held stengt, men automatane går som vanleg.
Ny opningstid blir delt i løpet av morgondagen.

Takk for tolmodet💚– me gler oss til å lage mat til deg igjen snart!

Adresse

Storevegen 3
Øvre Årdal
6884

Åpningstider

Onsdag 10:00 - 15:30
Torsdag 10:00 - 15:30
Fredag 10:00 - 15:30

Telefon

+4791348610

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Heilmat legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Heilmat:

Del