Aalesund Folk Festival

Veibeskrivelse Nettsted
02/10/2026
🎻💥☀️ Neste konsert i konsertserien vår Folk i Aalesund er med den internasjonale kvartetten Purppuri !🕖 Tid: 23.oktober ...
29/09/2026

🎻💥☀️ Neste konsert i konsertserien vår Folk i Aalesund er med den internasjonale kvartetten Purppuri !

🕖 Tid: 23.oktober kl.19.00-22.00 på Sobra Scene

☀️Aalesund Folk Festival inviterer til dansekonsert med Purppuri på Sobra Scene fredag 23. oktober – eit nordisk stjernelag som gir nytt liv til danseslåttar frå 1700-talet.

🎻Når gulna papir med gamle notenedskrifter kjem musikarane i Purppuri i hende, byrjar dansefoten å røre på seg. Med utgangspunkt i nordiske notenedskrifter frå 1700-talet hentar ensemblet fram musikk som framleis har kraft til å fylle dansegolvet.

🪩På scena står Jorun Marie Kvernberg (NO) på feler og hardingfele, Johan Hedin (SE) på oktavnøkkelharpe, Esko Järvelä (FI) på femstrengsfele og tenorgitar og Mads Kjøller Henningsen (DK) på fløyter og sekkepiper. Saman skaper dei eit tett og elegant samspel der slåttane blir vevde inn i kvarandre i lange, samanhengande økter.

🕺🏻Her møter rilar, valsar, reinlendarar, gangarar, polskaer og rekkedansar eit publikum som sjølv kan velje korleis dei vil oppleve konserten – som lyttarar, dansarar eller litt av begge delar. Purppuri ønskjer å viske ut skiljet mellom scene og dansegolv og skape ein kveld der musikk, dans og fellesskap får vekse saman.

💜Namnet Purppuri kjem frå eit potpurri av finske bryllaupsdansar frå 1700-talet. Desse kunne halde folk i dans i timevis, som ei feiring av livet og kjærleiken. Ensemblet vart opphavleg tinga av FolkOrg til opninga av Folkelarm 2025.

Dørene opnar: 18:00
Konsertstart: 19:00

Vaksen: 300 kr
Under 18 år: gratis

Billettar finn du i Tikkio ☀️

Konserten er støtta av Kulturrådet 👍🏻

Samarbeid med Foreningen Norden ☀️

Festivalartist, festivalprest, motivator og stemningsskapar Carl Petter Opsahl ! 💥 Vi er så stolte av å ha han med på la...
21/09/2026

Festivalartist, festivalprest, motivator og stemningsskapar Carl Petter Opsahl ! 💥 Vi er så stolte av å ha han med på laget, og han bidrog til ei rekkje musikalskmagiske stunder under Aalesund Folk Festival 2026 ❤️ Han har ein gild cv som består av ei rekkje plateutgivelsar innanfor jazz og folkemusikk, doktorgrad i hiphop, ein av Noreg sine beste jazzmusikarar, æresborgar av New Orleans, prest, folkemusikar og tidlegare anmeldar for VG m.m💥

Vi gler oss til kva som kjem neste år 😉

📸 Anne Marthe Vestre Berge

Spelemannslaget Laust og Fast var på Aalesund Folk Festival💥 Dei bidrog til dansespel, INTRO og Festkonsert! Veldig kjek...
17/09/2026

Spelemannslaget Laust og Fast var på Aalesund Folk Festival💥

Dei bidrog til dansespel, INTRO og Festkonsert! Veldig kjekt å ha denne unge gjengen hjå oss ☀️

📸 RÅ24

Anne Marthe Vestre Berge er vår fantastiske fotograf, styremedlem og eigar av galleri med utstilling🥰🫶🏻 Snart legg vi ut...
16/09/2026

Anne Marthe Vestre Berge er vår fantastiske fotograf, styremedlem og eigar av galleri med utstilling🥰🫶🏻 Snart legg vi ut jamnt av blinkskudda ho har fotografert gjennom festivalen❤️

Tusen takk for arbeidet du har lagt ned i dette! ☀️

Malin Olsvik Wollstad er produsent for Aalesund Folk Festival saman med Marius Berglund ☀️ Før og under festivalen gjord...
15/09/2026

Malin Olsvik Wollstad er produsent for Aalesund Folk Festival saman med Marius Berglund ☀️ Før og under festivalen gjorde ho ein kjempejobb for at festivalen skulle gå så smooth som mogleg 💃🏻

📸 Anne Marthe Vestre Berge

Frå den fulle festkonserten vår på Parken Kulturhus del.1☀️Foto: RÅ24, Marit BrunstadRÅ24
15/09/2026

Frå den fulle festkonserten vår på Parken Kulturhus del.1☀️

Foto: RÅ24, Marit Brunstad

RÅ24

14/09/2026
13/09/2026

Mens vinden herjet og trærne vaiet utenfor, samlet Aalesund Folk Festival en lang rekke musikere til festkonsert på Parken kulturhus lørdag kveld. STOR BILDESERIE. Link til sak i kommentarfelt:

Adresse

Moloveien 22
Ålesund
6004

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Aalesund Folk Festival legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori