Folkemusikkveka

Folkemusikkveka Folkemusikkveka er ein festival som har vorte arrangert kvart år sidan 1976 på Ål i Hallingdal. Folkemusikkveka - den gode folkemusikkfesten! mai.

I 2026 foregår festivalen 24. - 31. Folkemusikkveka (The Norwegian Folk Music Week) dates back to -76, making it one of the longest running music festivals solely dedicated to traditional Norwegian folk music and folk dance. Folkemusikkveka vart stifta i 1976 og er med det ein av Noregs eldste folkemusikkfestivalar. Kvart år i slutten av mai fyllast Ål med konsertar, dansekurs, tevlingar, dansefes

tar, buskspel, Fanitulltevlinga, Bygdamønstringa og prisutdelingar.

*
*
Kontaktinformasjon:
[email protected]

[email protected]

MUSIKKQUIZ!Tradisjon tru vert det musikalsk kunnskapsleik på Sundrehall rett etter kyrkjekonserttid festivaltorsdagen. T...
15/05/2026

MUSIKKQUIZ!
Tradisjon tru vert det musikalsk kunnskapsleik på Sundrehall rett etter kyrkjekonserttid festivaltorsdagen. Ta med deg slekt, gode naboar og vener, eller kom aleine og bli med på eit lag. Maks 5 deltakarar på kvart lag og meld gjerne på laget ditt på førehand til [email protected]. Flotte premiar og svært godt omdøme til vinnarlaget!

OPPVARMING:
Kva heiter felespelaren (han til venstre) som var med på Hellbillies sitt album «Pela stein», som kom ut i 1993 og vart heidra med Spellemannpris?

Vemund Olav Aukrust frå Lom er den folkekjære organisten i Ål. Han er klassisk utdanna og har eit stort engasjement for ...
14/05/2026

Vemund Olav Aukrust frå Lom er den folkekjære organisten i Ål. Han er klassisk utdanna og har eit stort engasjement for samarbeid med folkemusikarar. Vemund har gått kandidatstudiet i kyrkjemusikk og masterstudiet i utøvande orgel ved Noregs Musikkhøgskule. Han har fleire års røynsle med musisering og kulturformidling i kyrkjer og konsertsalar rundt om i Noreg, Sverige, Tyskland og Sveits.

Under Folkemusikkveka medverkar han på “Kved opp, Guds folk, syng høgt i kor!” måndag 25. mai på Evjens minne, Kyrkjekonserten torsdag 28. mai og folkemusikkgudstenesta sundag 31. mai.

Helsing frå festivalleiinga!I år har me nokre endringar i festivalen sitt førarsete: Dagleg leiar Solfrid Nestegard Gjel...
13/05/2026

Helsing frå festivalleiinga!
I år har me nokre endringar i festivalen sitt førarsete: Dagleg leiar Solfrid Nestegard Gjeldokk har nyleg gått ut i permisjon og gjev med det ansvaret vidare til vikar Andrea Søgnen som har fylgt festivalen tett dei siste månadane! I tillegg arbeider Rannveig Øygardslia med fleire ansvarsområde under festivalen.

Me gler uss til å sjå deg på Ål!

Talentskolen i Buskerud varmar opp før Fanitullfinale på Sundrehall laurdag kveld. Kom og høyr framtidas folkemusikarar!...
12/05/2026

Talentskolen i Buskerud varmar opp før Fanitullfinale på Sundrehall laurdag kveld. Kom og høyr framtidas folkemusikarar!

NÅR: Laurdag 30. mai kl. 19.00
KVAR: Sundrehall

Bli med til Bakketeigen der det heile starta i 1976! På denne konserten får du oppleve musikk av fleire av dei som stod ...
11/05/2026

Bli med til Bakketeigen der det heile starta i 1976! På denne konserten får du oppleve musikk av fleire av dei som stod på festivalplakaten på den aller fyrste festivalen. Det blir også tilbakeblikk frå oppstarten og frå festivalåra på Bakketeigen.
Medverkande: Frank Syversrud, Øyvind Brabant, Knut Myrann, Thorleif Stave, Hallgrim Berg.

NÅR: Sundag 24. mai kl. 16.00
KVAR: Gamlestugu, Bakketeigen

OBS: Begrensa antal plassar. Billettar får du kjøpt hos Ål kulturhus.

DJ SISSYFUS er musikar og DJ, også kjend som Center of the Universe eller Jørgen Skjulstad. Han går sterkt inn for folke...
10/05/2026

DJ SISSYFUS er musikar og DJ, også kjend som Center of the Universe eller Jørgen Skjulstad. Han går sterkt inn for folkemusikken, mellom anna som fast DJ for folkemusikkklubben Tuvas Blodklubb. Med bakgrunn frå elektronisk musikk og internasjonal folkemusikk har han etter kvart vendt blikket heimover, med remiksar og mikstapes av norsk tradisjonsmusikk - gjerne i elleville utgåver. Under Folkemusikkveka satser han på full kok på dansegolvet!
Foto: Knut Utler

NÅR: Laurdag 30. mai, Festivalnatt
KVAR: Thon Hotel Hallingdal

Olav Luksengård Mjelva er ein av Noregs mest markante felespelarar og folkemusikarar, kjend for si sterke forankring i t...
09/05/2026

Olav Luksengård Mjelva er ein av Noregs mest markante felespelarar og folkemusikarar, kjend for si sterke forankring i tradisjonen kombinert med ei nysgjerrig utforskartrong. Han har vunne både Landskappleiken og Nordisk meisterskap i folkemusikk, motteke Spellemannprisen og blitt kåra til Årets folkemusikar på Folkelarm.

Mjelva turnerer internasjonalt med grupper som SVER, The Nordic Fiddlers Bloc, Rydvall/Mjelva og Lodestar Trio, og har spelt inn musikk til produksjonar som Lord of the Rings – The Rings of Power, Loki og God of War.

Under Folkemusikkveka medverker han på Kyrkjekonserten torsdag 28. mai kl. 19.00, Festkonserten laurdag 30. mai kl. 18.00 og spelar til dans laurdag 30. mai på Thon Hotel Hallingdal.

Foto: Julia Fjellheim

BLÅTUR I GAMLEVEGENGamlevegen på Sundre er kjent for sine mange idylliske hus og innhaldsrike historie. På denne blåture...
08/05/2026

BLÅTUR I GAMLEVEGEN
Gamlevegen på Sundre er kjent for sine mange idylliske hus og innhaldsrike historie. På denne blåturen opnar eit knippe huseigarar opp stovene sine til minikonsertar med ulike folkemusikarar. Konsertruta er på 3 - 4 hus, og blåturen varar i ein god time. Felles oppmøte på Sundre torg. OBS: Utseld!

NÅR: Onsdag 27. mai kl. 16.00
KVAR: Gamlevegen

KVED OPP, GUDS FOLK, SYNG HØGT I KOR!Denne kvelden på Evjens Minne vil me samle både dei som er glade i å synge, og dei ...
08/05/2026

KVED OPP, GUDS FOLK, SYNG HØGT I KOR!
Denne kvelden på Evjens Minne vil me samle både dei som er glade i å synge, og dei som er glade i å høyre på! Professor Anders Aschim fortel om Nynorsk Salmebok, både om bakgrunnen og om sjølve boka. Anders Aschim har skrive biografien om Elias Blix, og vil også gje ei innføring i diktinga hans. Det blir mykje song og musikk, og du er velkomen med i allsongen! Gunnlaug Lien Myhr tek oss med inn i salmesongen i Hallingdal, og me møter òg Ål Kantori under leiing av Vemund Olav Aukrust, både på eiga hand og som stø i allsongen.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Folkemusikkveka og Ål og Hol Mållag.
OBS: Berre billettsal i døra.

NÅR: Måndag 25. mai kl. 18.00
KVAR: Evjens minne

FESTKONSERT! I 2026 er det heile 50 år sidan festivalen Folkemusikkveka vart arrangert for fyrste gong! Gjennom denne fe...
07/05/2026

FESTKONSERT!
I 2026 er det heile 50 år sidan festivalen Folkemusikkveka vart arrangert for fyrste gong! Gjennom denne festkonserten vil publikum få eit innblikk i festivalen si historie og i dagens folkemusikkmiljø i Hallingdal gjennom historiske tilbakeblikk, musikk, song, dans og samtaler. Blant dei medverkande er mellom anna Hallingdal Låtelag, Olav Luksengard Mjelva, Helga Myhr, Hallingdal Dansekompani, Hekate og mange fleire. Programleiarar: Sigrun Høgetveit Berg og Anders Lunden Herfoss.

NÅR: Laurdag 30. mai kl. 18.00
KVAR: Storesalen, Ål kulturhus

Billettar til festkonserten og festivalpass får du kjøpt her: https://aal.kulturhus.no/mulig-arr-folkemusikkveka-i4r6ym/

Her kan du lese den digitale utgåva av årets programblad!🌞Har du ikkje sikra deg billettar til årets festival enno? Dei ...
07/05/2026

Her kan du lese den digitale utgåva av årets programblad!🌞

Har du ikkje sikra deg billettar til årets festival enno? Dei kan du kjøpe her: https://aal.kulturhus.no/kulturprogram/

Eller har du kanskje hug til å ta ei dugnadsøkt eller to under festivalen? Send uss ein e-post! [email protected]

Me gler uss til å sjå deg på Ål siste veka i mai!🌸

Folkemusikkveka 2026: Ål i Hallingdal, 24. - 31. mai 2026 fmv_2026.indd 1 28.04.2026 14:15:51

Adresse

Sundre
Ål
3570

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Folkemusikkveka legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Folkemusikkveka:

Del

Type