Brakvatnet Halvmaraton

Brakvatnet Halvmaraton 8 Rundar (21,1 km) rundt vakre Brakvatnet på Valestrand i Osterøy kommune.

Arrangør: Osterøy IL

Meir info: https://osteroyil.no/bergen-bygg-brakvatnet-halvmaraton/ 2021
Starttider laurdag 9 okt.:
Gåande utan tid: Frå kl. 10.00
Barneløp kl. 12
Halvmaraton og stafettlag: Kl. 13.00

Årets OSTERØY PÅ TVERS går av stabelen laurdag 6. juni. No er påmeldinga opna. Kven blir den første til å melda seg på?
24/02/2026

Årets OSTERØY PÅ TVERS går av stabelen laurdag 6. juni. No er påmeldinga opna. Kven blir den første til å melda seg på?

Find all the latest results for Osterøy på tvers 6. juni 2026 right here.

Feelgood-løpet Bergan Bygg Brakvatnet Halvmaraton slo nok ein gong til med fine løpsforhold og god stemning. Her er nokr...
22/09/2025

Feelgood-løpet Bergan Bygg Brakvatnet Halvmaraton slo nok ein gong til med fine løpsforhold og god stemning. Her er nokre lagbilde frå stafetten. Tusen takk til alle løparar, publikum, arrangørar, snille naboar og gardbrukarar som heldt kyr og sauer unna denne dagen. Og ikkje minst takk til tittelsponsor Bergan Bygg, og gratulerer med sigeren i bedriftsklassen! Kondis er ferskvare, så det er berre å starta treninga til neste års stafett, både for Bergan Bygg og alle andre.

Nettsida til OIL er oppdatert med foto, resultat og rundetider.
https://osteroyil.no/osteroy-il/28652/bergan-bygg-brakvatnet-halvmaraton-20-9-2025/

Tittelsponsor og 30-årsjubilant Bergan Bygg satsar stort på årets stafett og har meldt på to lag; "Lettbeint" og Racing"...
17/09/2025

Tittelsponsor og 30-årsjubilant Bergan Bygg satsar stort på årets stafett og har meldt på to lag; "Lettbeint" og Racing". Faste "travarar" som HTB, Arkoconsult, MOVA og Osterøy kommune var sjølvsagt tidleg ute med påmelding, men Bergan utfordrar bedrifter som LOBAS, Vevle Mek., Mjøs Metallvarefabrikk, Gunnebo Anja, K. Lerøy, Bravida, Solberg Mek. og ikkje minst Lerøy Fossen. Bli med på løpsfesten, og bygg lagfølelse på Bergan Bygg Brakvatnet halvmaraton!

Vi har meldt på 2 stafettlag til Bergan Bygg Brakvatnet Halvmaraton lørdag 20. september! Vi utfordrer andre bedrifter på Osterøy til å henge seg på!

Me kjem sjølvsagt tilbake med ein grundig analyse av kva bedrift som har størst sjanse til å vinna årets pokal. Ein ting...
13/09/2025

Me kjem sjølvsagt tilbake med ein grundig analyse av kva bedrift som har størst sjanse til å vinna årets pokal. Ein ting er sikkert – det blir ikkje Magnus M. Thunestvedt AS – som vann tre år på rad frå 2017 til 2019. Det tradisjonsrike elektrofirmaet har nemleg gått inn i det litt større Bravida. Jostein Mjelde og Co i Osterøy-avdelinga har dermed 14 000 medtilsette å velja mellom til dei åtte etappane rundt Brakvatnet. Bravida har enno ikkje fått skrapa saman eit stafettlag, men Jostein er truleg berre eit tastetrykk frå å senda ut ein fellesmail til alle 14 000. Ei rimeleg sikker kjelde som nyleg var innom Byggtorget til tittelsponsor Bergan Bygg i Flatevad, melder om høgt stressnivå og knallharde uttaksløp for å møta eventuelle utfordringar frå elektrikarane. Send stafettpåmelding til [email protected]!

Ei veke før det brakar laus var det stor aktivitet rundt Brakvatnet i morgontimane. Desse tre sprekingane, Tor-Henning E...
13/09/2025

Ei veke før det brakar laus var det stor aktivitet rundt Brakvatnet i morgontimane. Desse tre sprekingane, Tor-Henning Erdal, Sigbjørn Reigstad og Gisle Raknes, har enno ikkje konkludert om det blir stafett eller halvmaraton. Sigbjørn er løpets grunnleggjar og ekstremsportens far på Osterøy. "Viss beina er like dårlege neste helg, spring eg halvmaraton. Då toler dei ikkje ein rask stafettetappe", uttalte han etter dagens morgonøkt. Innstillinga er det altså ingenting i vegen med. Spørsmålet er om LOBAS må henta inn ein superreserve som erstatning.
NB Bilen til høgre blir ikkje trekt ut som hovudpremie på startnummer.

Tre karar som ligg i hardtrening fram mot Bergan Bygg Brakvatnet Halvmaraton 20. september. Tidleg trening i kveld for å...
13/05/2025

Tre karar som ligg i hardtrening fram mot Bergan Bygg Brakvatnet Halvmaraton 20. september. Tidleg trening i kveld for å rekka semifinalen i Melodi Grand Prix. No er det rett i dusjen og så finna fram glam og glitter i garderoben.

Adresse

Brakvatnet
Valestrandsfossen
5281

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brakvatnet Halvmaraton legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Brakvatnet Halvmaraton:

Del