Vårsøghelga

Vårsøghelga Kulturfestival, Surnadal Vårsøghelga i Surnadal er ein allsidig kulturfestival, som har vore arrangert sidan 1995. Da er Vårsøghelga festivalen for deg!

Henning Sommerro er kunstnerisk leiar for festivalen. Vårsøghelga er ein sjangerbred og tverrfagleg festival med fokus på høg kvalitet på artistane uansett sjanger. Vårsøghelga har etablert seg som ein viktig festival i regionen og landsdelen og har eit publikum frå heile landet. Er du av dei som er allsidig og likar kunst, litteratur, teater, dans, viser, rock, blues, pop, klassisk, jazz og ny musikk, samt å gå både i kyrkja og på pub for å oppleve kunst og kultur?

Anbefaler alle å ta turen innom utstillinga på Surnadal Kulturhus🎉
05/06/2026

Anbefaler alle å ta turen innom utstillinga på Surnadal Kulturhus🎉

03/06/2026
Velkommen på utstillingsåpning. I samarbeid med Surnadal kunstforening.
26/05/2026

Velkommen på utstillingsåpning. I samarbeid med Surnadal kunstforening.

FISH FOR BOOTS
Fredag 5. juni åpner vi utstilling med KÅRE MAGNUS BERGH i galleri Finstuå kl. 18, vi gleder oss stort!
Kunstneren vil være til stede. Musikalsk innslag ved Anders Larsen og Hedda Hansen Berg.
Velkommen!
Bergh er utdannet ved kunstakademiet i Bergen og ved Statliche Hochschule für Bildende Kunste i Frankfurt.
Utstillinga henger til over «Midtsommar i Surnadal», og den er støttet av Laget Vårsøg.

21/05/2026

DA VÅRSØG VART KASTA UT FRÅ GRAND HOTEL
Vårsøg-medlemmene Henning Sommerro, Knut Blekken og Johnny Gausemel fekk stort oppslag i Dagbladet 29. april 1978. Ikkje på grunn av musikken, men fordi dei vart nekta hotellrom på Grand i Oslo! I Dagbladet-artikkelen sa administrerande direktør Helge Holgersen mellom anna: "Vi setter ikke spesielle krav til antrekket, annet enn at det skal være rent, pent og soignert. Personene det her var snakk om, var usoignert".
Her er historia, fortalt av Henning Sommerro til Arild Hoksnes i boka "Samtale med Sommerro" frå 1992:
- Det var i forbindelse med at Vårsøg skulle spela i eit laurdagskveldsprogram som heitte "Etter Dagsrevyen" med Totto Osvold og Jon Skolmen som programledarar. Vi kom nedover til Oslo fredag ettermiddag. Vi sjekka inn på Grand Hotell midt på dagen, og så reiste vi på prøve i NRK. Da vi kom att hadde ein herre ved namn Falkenhorst eller Falkenstein eller noe i den dur, komme på plass. Da eg kom inn, såg eg at Knut og Johnny var komne i prat med denne karen. Og han meinte vi ikkje var presentable nok til å bu på Grand Hotel.
- Såg de ille ut? Utfesta, ubarbert, skitne og fæle?
- Nei, nei, nei! Vi såg heilt vanleg ut. Knut var forkjølt og ikkje heilt pigg, men elles var det ingen ting å seie på oss. Vi var kledd i genser og olabukse. Men dette var ikkje bra nok, så vi måtte flytte ned til Hotell Viking.
- De vart rett og slett utkasta frå Grand Hotel for at de ikkje såg skikkeleg nok ut?
- Ja da! Men dei var greie og tinga drosje til oss. Det var jo NRK som hadde tinga rom til oss, så vi ba dei ringe til Egil Teige i NRK for å seie frå om saka. Eg hørte på lang veg at dei diskuterte i telefonen, og at han Teige var sint. Denne Falkenstein eller kva han heitte, var ein kjøle glatt herremann på sin måte. Han sa vi ville få problemer med å gå inn i spisesalen og bevega oss på hotellet, og at vi kom til å bli stoppa. Da hørte eg Teige oppi NRK skreik i telefonen: "Husk hvem som vant krigen!" Han var tysker han Falkenstein, veit du! Og laurdag var vi storkjendisar, for da sto vi på framsida i Dagbladet under tittelen "Vårsøg ble nektet hotellrom: Pene nok i TV - ikke på Grand". Vi var plutseleg landkjent på ein-to-tre, veit du. Ei slik sak gjorde meir for populariteten enn 1000 fjernsynsprogram.
- Dette slo vel godt an på Nordmøre?
- Det der var saker, veit du! Det kom dikt i avisene frå Jørgen Gravvold, og lokalpressa skreiv. Eit fint signal: Bygda som kjem til byen og blir kasta ut. Bønder i by'n. Det er slikt som slår an i jordbruksbygdene.

Det er ei stor glede å ønske vår alles kjære Kåre Magnus Bergh velkommen til Surnadal. Åpning av utstilling 5. juni på S...
12/05/2026

Det er ei stor glede å ønske vår alles kjære Kåre Magnus Bergh velkommen til Surnadal. Åpning av utstilling 5. juni på Surnadal Kulturhus. Utstillinga er eit samarbeid mellom Surnadal Kunstforening og Laget Vårsøg.

Adresse

Surnadal
6650

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vårsøghelga legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vårsøghelga:

Snarveier

Del