Sykkel for vatn 2022

Sykkel for vatn 2022 Vi er tre godt vaksne menn som ynskjer å sykle fra Norge til Gibraltar. Vi er Bjarne Reime, Bjørn Mykje av deira arbeid er retta mot Afrika.

Vi er 4 personar i alderen 63 til 72 år som planlegg ein sykkeltur gjennom Europa frå Norge til Gibraltar, ein strekning på omlag 4000 km. Vi er Bjarne Reime, Bjørn Leirvik og Olav Nilsen, alle frå Nissedal kommune i Vest-Telemark, og Sigurd Marlov Antonsen frå Arendal. Turen startar i midten av september 2022 og vil ta vel ein månad. Før og under turen ynskjer vi å samle inn pengar til Kirkens Nø

dhjelp sitt arbeid for reint vatn til menneske i nød. Dette fordi Kirkens Nødhjelp i dag vert rekna som ein av verdas fremste aktørar på dette feltet. Ved å legge opp ruta frå Norge til Gibraltar, bringar med reint symbolsk vatn mot Afrika. Vi håpar du vil støtte vår innsamlingsaksjon, kvar krone tel! Firma/organisasjonar som støttar aksjonen, vil kunne få logoen sin på vår Facebook-side "Sykkel for Vatn 2022". Alle kan få inntektsfrådrag for gåver over 500 kr. Sykkelturen vil du kunne følge dag for dag på vår Facebook-side. Vi set måletsettinga for innsamlingsaksjonen til 250.000 kr og håpar at me kan utvide dette seinare!

02/11/2022

No har me avslutta innsamlingsaksjonen for reint vatn til folk i fattige land.
Resultatet vart 191 325 kr. Me veit at det er mange som har gløymt å merke innbetalinga med «Sykkel for vatn», så då går desse pengane til felleskontoen for Kirkens Nødhjelp. Me er difor sikre på at det totalt er samla inn langt over 200 000 kr!
Me takkar alle som har bidrege, og alle som har vore med oss på Facebook på turen til Gibraltar!

19/10/2022

Tusen takk for all støtte!! Både av bidrag til reint vatn til dei som treng det mest, og støttande kommentarar undervegs.
Etter ankomst Gibraltar fekk me melding frå ein privatperson om at vedkomande ville gje 1 kr pr km me har sykla, d.v.s. 4152 kr til innsamlinga!! Det er imponerande!😃

På bildet ser me Olav og Sigurd med Gibraltarklippa i bakgrunnen.

16/10/2022

Dag 43: Benadalid - Gibraltar:
77 km, totalt 4152 km.
Då er eventyret over.
I ettermiddag nådde me Gibraltar. Nesten litt vemodig å starte turen heimover, men me har fått enormt mange gilde opplevingar. Me er spesielt glade for at me har vore forskåna for alvorlege uhell. Ein kjem bort i ikkje heilt ufarlege situasjonar i trafikken på ein så lang tur.

Innsamlingsaksjonen SYKKEL FOR VATN vert avslutta neste veke. Då legg me ut sluttresultatet. Skulle det vere nokon som framleis vil støtte aksjonen, så kan ein vippse til 2426 eller bruke konto 15942287248. I begge tilfelle må ein merke med SYKKEL FOR VATN.

16/10/2022
Dag 42: Campillos - Benadalid: 86 km, totalt 4075 km.                              Mellom Dei andalusiske sletter og Mid...
15/10/2022

Dag 42: Campillos - Benadalid: 86 km, totalt 4075 km.
Mellom Dei andalusiske sletter og Middelhavet ligg fjellkjeda Sierra Nevada. Den må me over for å kome til Gibraltar. Det fekk me føle på dagens etappe: Opp og ned i solsteiken i 80 km ! No har me att sjarmøretappa på 80 km til Gibraltar.

15/10/2022

Dag 30: Kviledag i Zumarraga. Dagen har vorte brukt til spyling og smøring av syklar og besøk på ein sykkelverkstad for skifting av dekk og bremseklosser. I tillegg har me vore oppe i sentrum på kafé og kjøpt inn mat for turen vidare. Kvelden vart avslutta med ein ny trerettars middag.

15/10/2022

Dag 31: Zumarraga - Vitoria Gasteiz 60 km, totalt 3053 km.
Det vart sein start i dag sidan servicen på syklane måtte bli ferdig. Fyrste del av etappen heldt fram i same fine «alpelandskapet» med mykje metallurgisk industri. Dei 2 siste mila vart alt opnare og mindre kupert.
I innsamlinga til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for reint vatn i fattige land har me no passert 160000. Takk til alle som har gjett, og ein spesiell takk for 2000 kr frå Nissedal KrF ! Det er framleis mogleg å vippse til 2426 eller bruke bankkonto 15942287248, i begge tilfelle hugs å merke med «Sykkel for vatn».

Her ser me metallurgisk industri i dalbotnen og ein av fjelltoppane i Pyreneane i bakgrunnen.

15/10/2022

Dag 32: Vitoria-Gasteiz - Burgos: 101 km, totalt 3154 km.
Me reknar no at me har gjennomført 3/4 av turen. Relativt flat etappe, men det vert stadig varmare. Berre 11 grader då me starta, men 27 i skuggen og 40 i sola på ettermiddagen, så det går mykje drikke.

Her ser me møte mellom «oksen frå Myrane i Treungen» og den spanske oksen (tyren).

Adresse

Nissedal
Nissedal
3855

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sykkel for vatn 2022 legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sykkel for vatn 2022:

Del