Blømingsfestivalen

Blømingsfestivalen Blømingsfestivalen starta i 1991 og vert rekna for å vera Vestlandsmeisterskapet i gamaldans. Festivalen vert arrangert i Mikkelparken Ferietun i Kinsarvik.

Vinnaren av tevlinga får soleis tittelen som "Vestlandets beste gamaldansorkester".

19/04/2026
29/03/2026

No nærmar det seg vår, bløming og festival.
Programmet og sommarpresentasjonar er rett rundt hjørna, i mellomtida må de hugse å melde dykk på, både til tevling og dansespeling.

Det er blitt ledig nokre hytter, så om det er nokon som ikkje har ordna seg overnatting endå, så er det berre å ringje Mikkelparken Ferietun og ordne det med ei gong. Telefon: +4753671313. Fyrstemann til mølla.

Me gledar oss🕺🏻

Resultatliste Blømingsfestivalen 2025
04/05/2025

Resultatliste Blømingsfestivalen 2025

OBS!
02/05/2025

OBS!

02/05/2025

Det er to ledige campingplassar på campingen!

Ta kontakt på telefon 53671313 om du treng ein. Fyrstemann til mølla!

TREDJE DOMMARPRESENTASJON 2025 - ØYSTEIN VELUREØystein Velure kallar seg sjølv for Hallring, fødd og oppvaksen i Ullensv...
01/05/2025

TREDJE DOMMARPRESENTASJON 2025 -
ØYSTEIN VELURE

Øystein Velure kallar seg sjølv for Hallring, fødd og oppvaksen i Ullensvang i Hardanger, men busett på Ål i Hallingdal. Han har spelt hardingfele i mange tiår og er i dag aktiv i Hallingdal Låtelag.
Han har i løpet av livet spelt til dans i opptil fleire grendahus, mest som medlem i gruppene Farande Fant og Polka med støyt. Han har vore domar både på Landsfestivalen, Landskappleiken, Vestlandskappleiken, Fanitulltevlinga og Vinterkappleiken, og har soleis god erfaring med oppgåva. Han har også vore domar på Blømingsfestivalen før, men det er så lenge sidan at den gong var den yngste av dagens festivalleiarar berre 4 månadar gamal! I det sivile er Øystein sivilingeniør og driv med store straumar og har mykje spenning i kvardagen.
Vonaleg held den gamle bobla frå 1965 heile vegen frå Ål til Kinsarvik, slik at me kjem i gang til kl. 10.00 på laurdag.
Me er veldig glade for å ha Øystein med på laget!

ANDER DOMMARPRESENTASJON 2025 -RIKKE VAN OMMERENRikke van Ommeren er ein erfaren og allsidig toraderspelar med sterk for...
28/04/2025

ANDER DOMMARPRESENTASJON 2025 -
RIKKE VAN OMMEREN

Rikke van Ommeren er ein erfaren og allsidig toraderspelar med sterk forankring i den norske folkemusikktradisjonen. Ho har i ei årrekkje vore ein aktiv del av gammaldansmiljøet og har delteke på ei rekkje landsfestivalar og kappleikar rundt om i landet – både som solist og i samspel med andre. Ho har både vunne Landsfestivalen, og vore blant dei aller beste i ei årrekkje

Med sin presise og drivande spelestil, kjensla for dans og godt øyre for tradisjon, har ho markert seg som ein solid utøvar innan både rundddansen og slåttespelet.

På Blømingsfestivalen er me glade for å ha Rikke med på dommarlaget. Ho bringar med seg både fagleg kompetanse og eit ekte engasjement for musikken, og vi er trygge på at ho vil vurdera deltakarane med klokskap, og musikalsk forståing.

FYRSTE DOMMARPRESENTASJON 2025 - TERJE GORDING HONGTerje Gording Hong er bosatt på Lillehammer, arbeider 50% i NRK Innla...
24/04/2025

FYRSTE DOMMARPRESENTASJON 2025 -
TERJE GORDING HONG

Terje Gording Hong er bosatt på Lillehammer, arbeider 50% i NRK Innlandet, og 50% i sitt eget selskap Lydmaker. Han har spilt trekkspill og torader det meste av livet, og vunnet flere ganger både på Trekkspill-NM, Landsfestivaler og Titanofestivaler. I tillegg spiller han bass og noen flere instrumenter. Terje har mottatt priser og stipend både som soloutøver og med ulike samspillvarianter, og han har holdt toraderkurs over hele landet. En periode bodde han i Førde og jobbet i NRK Sogn og Fjordane, og er derfor godt kjent med gammeldansmiljøet på Vestlandet. Terje har produsert en rekke gammeldansproduksjoner, og tar også med seg kunnskap om god takt og arrangering av gammeldansmusikk inn i dommerpanelet.

Adresse

Mikkelparken Ferietun
Kinsarvik
5780

Telefon

+4790626084

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Blømingsfestivalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Blømingsfestivalen:

Del

Type