Folkeaksjonen mot nedlegging av distriktssjukehusa

Folkeaksjonen mot nedlegging av distriktssjukehusa Vi trenger nærhet til lokalsjukehus, akuttberedskap og fødetilbod der folk bur. Nei til nedlegging og sentralisering av helsetilbod!

Frå Porten…
30/04/2026

Frå Porten…

Nærare 30 årsverk blir tekne ned i Lærdal. Lenke i kommentarfelt.

Økonomien til Helse Møre og Romsdal og resten av sjukehus-Noreg må styrkast!
18/04/2026

Økonomien til Helse Møre og Romsdal og resten av sjukehus-Noreg må styrkast!

Helse Møre og Romsdal ventar at underskotet for 2026 aukar samanlikna med tidlegare vurderingar, og blir på minus 490 millionar kroner. Lønskostnadene får budsjettet til å sprekke, skriv tk.no, og siterer direktør Olav Lødemel. Helseføretaket har alt fått eit lån på 500 millionar kroner f...

Frå Firda...
14/04/2026

Frå Firda...

Kommunestyret i Kinn ber Helse Førde reversere nedlegging av hudpoliklinikken, legge ein plan for helsetenestene i Florø og invitere til reell samhandling om helsetilbodet for pasientane i Kinn og Bremanger.

Frå VG…
29/03/2026

Frå VG…

Dobbelt så mange dødsfall i forbindelse med fødsel ble rapportert inn til Helsetilsynet fra ett år til et annet. Ingen kan forklare økningen.

Frå VG:"Noen har tre minutter til nærmeste fødested, andre har sju timer. Fødende i distriktene er mest opptatt av «rekk...
12/03/2026

Frå VG:
"Noen har tre minutter til nærmeste fødested, andre har sju timer. Fødende i distriktene er mest opptatt av «rekker jeg frem?», ifølge jordmor."

(Lenkje: https://www.vg.no/helse/i/lnz3L7/foedende-i-distriktene-rekker-jeg-frem )

Noen har tre minutter til nærmeste fødested, andre har sju timer. Fødende i distriktene er mest opptatt av «rekker jeg frem?», ifølge jordmor.

Frå Fjordingen:"- Mangel på jordmødrer fører til større risikoErling Sande har saman med Kjersti Toppe fremja forslag i ...
09/03/2026

Frå Fjordingen:

"- Mangel på jordmødrer fører til større risiko
Erling Sande har saman med Kjersti Toppe fremja forslag i Stortinget for å sikre nok jordmødrer. Dei grunngjev forslaget mellom anna med at mangel på jordmødrer i dag fører til auka press, redusert kontinuitet og større risiko.

– Jordmormangel fører i dag til auka press på tenestene, redusert kontinuitet og større risiko, seier Erling Sande (Sp) i grunngjevinga for forslaget. Foto: Roger Oldeide (arkivfoto)

Dei to Sp-representantane frå Sogn og Fjordane og Hordaland har lagt fram eit forslaget som mellom anna går ut på å be regjeringa auke talet på studie- og praksisplassar for jordmødrer, inkludert satsing på desentraliserte studieplassar, og sikre at det blir etablert fleire utdanningsstillingar i jordmorutdanninga i tråd med behovet.

Forslaget inneber også å be regjeringa sørge for ei samanhengande svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg gjennom modellar som «Min Jordmor» og «God start» i alle helseføretak innan 2030 og ei opptrapping av kombinasjonsstillingar for jordmødrer mellom kommunar og sjukehus.

Fleire frå helsefag
I forslaget er det også lagt opp til å be regjeringa om sikring av at alle helseføretak innfører modellar for auka grunnbemanning, heile stillingar og tilpassa turnus på føde- og barselavdelingar for å sikre kvalitet og trygg oppfølging av mor og barn og lågare sjukefråvær og turnover blant jordmødrer.

Det blir også bede om at helseføretaka innfører tiltak for å rekruttere fleire helsefagarbeidarar/barnepleiarar til fødsels- og barselomsorga. Forslaget omfattar også utgreiing og fremjing av forslag om nye tiltak som gjer det mogleg for erfarne jordmødrer å stå lenger i arbeid.

Trygg omsorg i heile landet
I grunngjevinga for forslaget peikar Sande og Toppe på at jordmødrer er ein nøkkelressurs for å sikre ei slik trygg svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg i heile landet.

– For få tilgjengelege jordmødrer fører i dag til auka press på tenestene, redusert kontinuitet og større risiko, seier Sande og Toppe.

– Jordmormangel gjer det også vanskelegare å sikre betre barseloppfølging etter fødsel, å oppretthalde dagens desentraliserte fødetilbod, å vareta følgjetenesta til kvinner i fødsel og å sikre kvalitet og likeverdige helsetenester uavhengig av kor ein bur."

(Lenkje: https://www.fjordingen.no/nyhende/n/ExQGqG/ber-om-tiltak-for-aa-sikre-nok-jordmoedrer )

Frå Porten...
03/03/2026

Frå Porten...

Fleire sogningar har den siste tida meldt seg ut av Arbeidarpartiet. Nokre legg bak seg fleire titals år i partiet. Lenke i kommentarfelt.

Frå Forsvar Lærdal sjukehus 2026:"Forlet Høgre. Partiet sentralt har ikkje stilt opp i sjukehussaka."
28/02/2026

Frå Forsvar Lærdal sjukehus 2026:
"Forlet Høgre. Partiet sentralt har ikkje stilt opp i sjukehussaka."

No har barneverns- og sjukehussaka også råka Årdal Høgre. Partiet mistar to sentrale politikarar.

Frå Nationen...
27/02/2026

Frå Nationen...

Helse Førde har lagt ned ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus. No forsvinn 40 arbeidsplassar frå ei lita bygd og ein liten region. Kutta skjer av økonomiske årsaker.

Lenke i kommentarfeltet ⬇️

Adresse

Folkeaksjonen Mot Nedlegging Av Distriktssjukehusa V/Jan B. Kurseth-Monsen Monsen
Kalvåg
6729

Telefon

+4740164662

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Folkeaksjonen mot nedlegging av distriktssjukehusa legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Folkeaksjonen mot nedlegging av distriktssjukehusa:

Del