Slåttefestivalen i Hjartdal

Slåttefestivalen i Hjartdal Slåttefestivalen i Hjartdal er ein unik festival som arrangerer NM i ljåslått. Me byr kvart år også på flotte artistar og masse aktivitetar.

Slåttefestivalen starta som ein enkel bygdedag i 2000. Korleis kom det i gang, og kva har skjedd undervegs? Under Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i 1994 blei dei to nabobygdene Hjartdal–Svartdal plukka ut som eitt stort og viktig område med mange utfyllande kvalitetar knytt til kulturlandskap. Ikkje minst er her mange urterike slåtteenger og eit stort biologisk mangfald. Den tradisjonelle ugjødsla og seint slegne slåtteenga er Noregs mest artsrike naturtype. Konkurransane under Slåttefestivalen føregår av praktiske grunnar på slett og fulldyrka mark, men det er ljåslåtten og dei grunnleggjande ferdigheitene knytt til denne som står i fokus. I kjølvatnet av den nemnde nasjonale registreringa på 90–talet, blei det sett i gang fleire undersøkingar og prosjekt av ulik art i Hjartdal–Svartdal, m.a. "Kulturlandskapsprosjektet" (1999–2002). I dette prosjektet blei det arbeidd med motivering og praktiske tiltak. Seinare kom bygdeutviklingsprosjektet "Eldhusprosjektet" (2003–2006), som m.a. resulterte i verksemdene Telegardar og Kulturlandskapssenteret. Samstundes har Slåttefestivalen halde på som eit sjølvstendig føretak frå 2000, med ein formidabel innsats og dugnad frå bygdefolk. Så og seia alle husstandar i bygda er med på dugnad under Slåttefestivalen. I perioden 2006–2011 samarbeidde ein med Kulturlandskapssenteret og Norsk Kulturarv, og fekk saman med desse midlar frå Landbruks– og matdepartementet til "Prosjekt Kulturlandskap". Slåttefestivalen fekk gjennom dette midlar til å utvikle arrangementet til eit NM i ljåslått, medan Kulturlandskapssenteret fekk midlar til å tilføre festivalen fleire faglege tilbod for å auke kunnskapen om kulturlandskap generelt. I dag er festivalen ei god blanding av slåttetevling, festival og læringsarena for kulturlandskap. Me vonar å treffe alle aldersgrupper med programmet vårt, og ynskjer alle velkomne til Slåttefestivalen!

05/09/2026

🌾 Har du lyst til å vere med og forme Slåttefestivalen vidare? 🌾

Vi søkjer nye styremedlemmer som har lyst til å bidra, kome med gode idéar og vere med på å skape ein endå betre festival! 💚

Du treng ikkje ha styreerfaring – det viktigaste er at du har lyst til å engasjere deg og bidra til fellesskapet.

👉 Nysgjerrig? Send oss ein melding!

Tusen takk til alle som stilte opp på dugnad – utan dugnadsfolket, ingen Slåttefestival 💚Alt frå rigging, matlaging, døm...
15/06/2026

Tusen takk til alle som stilte opp på dugnad – utan dugnadsfolket, ingen Slåttefestival 💚

Alt frå rigging, matlaging, dømming og rakst i slåtteenga, til sal av mat og drikke, vakthald og mykje meir. Det er mange som må i sving for å få festivalen i hamn.

Vi er stolte av det den vesle bygda vår får til!

Under ser de eit lite knippe av dei mange flinke dugnadsarbeidarane.

Dugnad frå start til slutt! Dennan gjengen har stått på i dag for å rigge ned festivalområdet, og fleir i slåtteområdet....
14/06/2026

Dugnad frå start til slutt! Dennan gjengen har stått på i dag for å rigge ned festivalområdet, og fleir i slåtteområdet. 💐

Kånns form fe konfetti: nyslått gras! 🌾Takk til alle som var med å slo!
13/06/2026

Kånns form fe konfetti: nyslått gras! 🌾
Takk til alle som var med å slo!

Marknaden er snart klare for åpning kl.10.00!
13/06/2026

Marknaden er snart klare for åpning kl.10.00!

Damene er i full sving! 🤩 No blir det hjartdalssuppe og slåttegraut 🥣
13/06/2026

Damene er i full sving! 🤩 No blir det hjartdalssuppe og slåttegraut 🥣

Årets festival er i gong! Hugs å sjå etter desse skilta viss du skal parkere.Velkommen!🌾
13/06/2026

Årets festival er i gong!
Hugs å sjå etter desse skilta viss du skal parkere.
Velkommen!🌾

Vi gledar oss til show! 🤩 Vêret er inga hindring – hos oss kan du sitje tørt og godt under telt og nyte underhaldninga f...
12/06/2026

Vi gledar oss til show! 🤩 Vêret er inga hindring – hos oss kan du sitje tørt og godt under telt og nyte underhaldninga frå scena.

Vi får sole oss i glansen, siden været dessverre ikke ser ut til å være med oss denne helgen.

Uansett, vi trosser vær og vind, og i helgen kan du oppleve oss følgende steder:

Lørdag kl 10:50- Hokksunddagene
Lørdag kl 13:30: Slåttefestivalen i Hjartdal
Søndag kl 15:00: Bygdedagene i Fister ( Vestlandet)

Dørene åpnar kl. 20.30, og fram til kl. 22.00 har vi tilbodsprisar. Det løner seg å vera tidleg ute! 🌾🥳
12/06/2026

Dørene åpnar kl. 20.30, og fram til kl. 22.00 har vi tilbodsprisar. Det løner seg å vera tidleg ute! 🌾🥳

I morgen, lørdag 13.06, er vi tilbake på Slåttefestivalen i Hjartdal 🤩🎸🎼 Vi er i gang fra ca 21.00 og blir avløst av Vestaramp ca 23.30. Håper vi sees og høres 🥳

Adresse

Hjartdal
3690

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Slåttefestivalen i Hjartdal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Slåttefestivalen i Hjartdal:

Snarveier

Del

Type