22/05/2026
Fredagstipset - uredd
Domaine des Forges er ein familiegard som starta med vin for fem generasjonar sidan. Eit ganske typisk scenario innan vinverda. Nokre slike familiegardar har gått frå ein periode rett før industrialiseringa med meir eller mindre sjølvberging, der vindruer var ein av mange avlingar. Ofte vinifisert til eige bruk. Men så var det ein del som hadde litt meir hell med vindruene enn med kornet eller pærene, og ein sjanse til å tene litt meir på vin vart ein farbar veg.
Dei som starta opp samtidig med Domaine des Forges i 1890, må ha vore litt meir dristige enn vanlige folk. For korleis såg Frankrike ut på denne tida? Nei, eg tenkjer ikkje på at dei nett (1871) hadde gått på eit stortap for Preussen, og mista mykje land til det tyske riket. Den franske vinindustrien var i eit endå verre uføre, for vinlusa phylloxera vastatrix som hadde kome til landet i 1863, hadde no spreidd seg til mest alle vindistrikt i Frankrike og lagt vinmarkene øyde.
Løysinga med å pode vinstokkane på rota av ulike amerikanske vinplanter (vitis berlandieri, vitis labrusca, vitis rupestris etc.) var for så vidt godteken som den beste løysinga på problemet, på ein kogress i Bordeaux i 1881, men det tok lang tid før heile den franske vinindustrien aksepterte dette. Etablering av planteskular som skulle produsere opp amerikanske vinstokkar som sida skulle podast om med franske sortar, tok òg tid. Det var trass alt snakk om hundretusenvis av hektar vinmark som måtte plantast om.
Uansett, Domaine des Forges og fleire kom seg igjennom tøffe tider, dyrka druer og laga vin. Eigedomen ligg i nærleiken av der sideelva Layon renn ut i Loire, i det som er samleområdet Anjou. Dei har ein del vinmark på nordsida av Loire, i det litt meir prestisjefylte Savennière, men denne vinen som heiter Audace, eller djerv på norsk, kjem frå Saint-Aubin de Luigné i Anjou. Det er chenin blanc som er hovuddrua til denne garden, og Audace er ein 100% chenin blanc-vin. Vinen er gjæra på 400-liters eikefat, utan at det er noko eikearoma å spore i vinen.
Domaine des Forges Anjou L’Audace Chenin 2024
Lys strågul på farge. Rein og fruktig lukt med grøne eple og kvit steinfrukt. Og så har vinen denne solide og fyldige lukta som kjem frå godt mogne chein blanc-druer med fin konsentrasjon. Smaken er i same gata med fruktig, ung og fyldig fruktprofil. I tillegg har vinen den friske syra som får chenin blanc-vin til å skine litt ekstra. Ein solid terrassevin til sommaren, eller som følgje attåt nyfiska makrell frå fjorden eller ein sommarsalat. Vinen kostar 245 kroner.