Aurlandsmarknaden

Aurlandsmarknaden Aurlandsmarknaden - første helga i juli! Aurlandsmarknaden har vore ein sommarfest i mange år.

Her er alle hjerteleg velkomne til marknad på dagen og fest om kvelden, på Vangen.

Det går framover med planlegginga og veldig mykje er på plass til ei knallhelg 3.-5. juli 2026😃 Men no treng me fleire m...
04/12/2025

Det går framover med planlegginga og veldig mykje er på plass til ei knallhelg 3.-5. juli 2026😃 Men no treng me fleire med på laget for å jobbe med gjennomføring, og der treng me MANGE. Har DU lyst til å hjelpe til anten med å ta ansvar for vakter, rigg, parkering, lotteriet, artistvert eller andre ting, so send PM. Om mange tek litt kvar, so vert det ikkje so mykje på nokon🥰

Knivblad kjem på Aurlandsmarknaden laurdag 4. juli med dansbar og jovial country som både får deg til å trekke på smileb...
09/11/2025

Knivblad kjem på Aurlandsmarknaden laurdag 4. juli med dansbar og jovial country som både får deg til å trekke på smilebåndet og kjenne det i hjarterota. Knivblad er country med norsk vri, og eit band som siktar på å skape ekte, energiske liveshow for alle som likar lukta av cowboyboots. Bandet vart starta av Kjell «Kapteinen» Øverland saman med hans mangeårige makker Simen Sjølund, og tek steget inn i det dei sjølve kallar Rogalandscountry. Meir musikk kjem og rykta seier at eit fullstappa countryalbum allerede er klart for våren 2026💃🕺

Provided to YouTube by ONErpmJillt me jesus · Knivblad · Kjell Øverland · Simen SjølundJillt me jesus℗ Turbo Plateselskap, Distributed by TyldenReleased on: ...

17/10/2025

Musikken byrjar å komme på plass😃 og me skulle gjerne hatt med oss ein person som er flink på marknadsføring. Ein som kan legge ut informasjon på både nettsida og FB-sida til Aurlandsmarknaden. Nokon som vil vere den som har gleda av å kunngjere alt det kjekke som kjem😃? Er du ung vaksen eller ungdom eller andre som ikkje held til i Aurland for tida, men er glad i Aurlandsmarknaden og har lyst til dette, so går det heilt fint. Har du lyst til å vere med å bidra med andre ting, so send ei melding.

26/09/2025

Har hatt kontakt med ein del artistar/band og skulle gjerne landa neste års musikkinnslag. I og med at komitéen er litt liten, so hadde det vore fint med 3-4 personar som ville vore "jury" før me landar avtalane (so vert det ikkje berre 1 person sin musikksmak😛). Nokon som melder seg til å vere ein hurtigarbeidande musikkomité i løpet av helga eller veka som kjem🎶🎤? Send PM🙂

Kven ynskjer du på scenen på Aurlandsmarknaden 3. og 4. juli 2026? Kom gjerne med framlegg både på kjende og mindre kjen...
31/08/2025

Kven ynskjer du på scenen på Aurlandsmarknaden 3. og 4. juli 2026? Kom gjerne med framlegg både på kjende og mindre kjende artistar/band😊
Er det noko du saknar på marknaden eller noko du ville endra på, so kom med det👍
Vil du vere med i komitéen for planlegging og gjennomføring, so send PM👍

Tusen takk for oss! 🤩Komiteen for Aurlandsmarknaden vil gjerne takke for to flotte år, fulle av engasjement, gode opplev...
30/08/2025

Tusen takk for oss! 🤩

Komiteen for Aurlandsmarknaden vil gjerne takke for to flotte år, fulle av engasjement, gode opplevingar og ikkje minst fantastisk hjelp frå frivillige, utstillarar, samarbeidspartnarar og Aurland kommune.

Det har vore ei glede å få vere med og vidareføre denne tradisjonen, som har samla folk i heile 28 år. Me er stolte av alt me har fått til saman, og ikkje minst tidenes beste marknad no i 2025.

Ein stor del av komiteen gir stafettpinnen vidare, men arbeidet for 2026 har starta. Komiteen treng fleire med på laget for at Aurlandsmarknaden skal kunne halde fram.

Har du lyst til å bidra anten mykje eller lite, eller er du berre nysgjerrig på kva som skal til? Ta gjerne kontakt med oss! Me deler gjerne erfaringar og gjev ei orientering om arbeidet i komiteen.

Tusen takk for all støtte, tillit og innsats. Utan dykk hadde Aurlandsmarknaden ikkje vore mogleg!

Hjarteleg takk frå oss i styret 🥳

Tusen takk!Me vil rette ein stor takk til alle sponsorar, samarbeidspartnarar, Aurland kommune og dei fantastiske frivil...
08/07/2025

Tusen takk!
Me vil rette ein stor takk til alle sponsorar, samarbeidspartnarar, Aurland kommune og dei fantastiske frivillige som har stilt opp for oss i år. Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre ein så flott marknad!
Trass i alt regnet har Aurlandsmarknaden 2025 vore heilt fantastisk, full av leik, aktivitetar, dans og strålande humør 🤩

Her er alle vinnarane av marknadslotteriet ☺️1. gevinst Flåmsbana/Zipline tur for 2: Stein Engen2. gevinst Fjordsafari t...
07/07/2025

Her er alle vinnarane av marknadslotteriet ☺️

1. gevinst Flåmsbana/Zipline tur for 2: Stein Engen
2. gevinst Fjordsafari tur for 2: Emely og Aiden Pedersen
3. gevinst Underdalsbui øskje med lokalmat: Alv Loven
4. gevinst Gudvangen Fjordtell gåvekort: Astrid Karin Turlid
5. gevinst Stavesvingen Røyr og Flis gåvekort: Turid Grønsberg
6. gevinst Østerbø Fjellstove gåvekort arr.: Johannes Midje
7. gevinst Erna Underdal brun geitost: Liv Jorunn Vestreim
8. gevinst billett til arr.: Ingunn Jacobsen Ohnstad
9. gevinst Undredal fellesstøl kvit geitost: Knut A. Lie
10. gevinst Flåmsbryggja gåvekort: Siri Hande
11. gevinst Flåm Marina gåvekort: Marita Karlsen
12. gevinst Marianne Bakeri og kafé gåvekort: Tanja Immel
13. gevinst Merete Rein glasblåseri gåvekort: Marit Kvam
14. gevinst Flåm Marina Rituals-produkt: Inger Turlid
15. gevinst Flåmsbana tur for 2: Paulina Grzelinska
16.-19. gevinst Hallingdal Bilsenter tursekk med innhald: Anne Gro Borlaug, Inger Lise Dale, Aleksander Dale, Marianne Bøe Larsen.

Ta kontakt med Monica Finden dersom du står på lista :)

No er gunslingersband klar🎉 er du? Huks billett🤠
04/07/2025

No er gunslingersband klar🎉 er du?
Huks billett🤠

Sogn Sparebank vil bidra til at Sogn blir ein endå betre stad å bu og vekse opp i, og difor gjev me kvart år ein del av ...
03/07/2025

Sogn Sparebank vil bidra til at Sogn blir ein endå betre stad å bu og vekse opp i, og difor gjev me kvart år ein del av overskotet tilbake til lokalsamfunna. Me inviterer difor til gåveutdeling i banken sine lokale kl. 11.30 laurdag 5. juli. Velkommen!
sponsor

03/07/2025

Me er sjølvsagt stolt sponsor av Aurlandsmarknaden 😊 Me gler oss til ei fin helg med nye og gamle kjende. Stas!

Me vil skryta over alle som bidreg til ei flott helg i bygda vår. Her er komiteen representert av Tor og vesle Elise. 😍

Velkommen til markndshelg i bygda vår!

03/07/2025

Heradshuset er ope, og dei ynskjer alle på torgdagen velkomen innom! 😀

Adresse

Aurlandsvangen
Aurland
5745AURLAND

Telefon

+4741621902

Nettsted

https://aurlandsmarknaden.hoopla.no/event/2482776175

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Aurlandsmarknaden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Aurlandsmarknaden:

Del

Type