29/12/2025
I tillegg til Thomas Hole som fekk prisen for årets spelar, var det fleire spelarar som utmerka seg og prega cupen med gode prestasjonar gjennom dagen. Her kjem eit stjernelag frå herreklassa.
Benjamin Tilseth - Dalsfjord Wrapped 2025. Keeperkjempa frå Dalsfjord plukka kun to ballar ut av eige nett i gruppespelet. Han heldt òg buret reint mot ein av førehandsfavorittane Tommy's Gullgruve i kvartfinala. Du får ei kjensle av at ingen delar av målet er ledige når Tilseth står mellom deg og nettmaskene. Gjer sjeldan eller ingen feil og er ein tipp topp burvoktar. Den beste keeperen på Tussacup 2025.
Sigve Viddal - Frontyard. Han var ein vital del av det som vart eit av årets store overraskingslag, Frontyard. Dei kjempa seg heile vegen til semifinale og han stod att som siste mann for sitt lag i golden goal då semifinaletapet mot vinnarlaget lilla var eit faktum. Var knallgod i kvartfinala då Frontyard slo ut regjerande mester Gullsteinvik. Fleire på Frontyard imponerte stort men, med seks skåringar og frekke tekniske detaljar vil vi peike han ut som den aller fremste av dei.
Olav Ervik - Lilla. Motoren i det lilla maskinrommet. Lilla spelte sin beste fotball når Ervik Junior fekk stå med taktpinnen. Han peikar seg ikkje ut i statestikken slik som fleire av lagkameratane, men han distribuerer ballen mesterlig slik at dei andre får skine om kapp med kvarandre. Scora òg cupens kanskje finaste mål i finala som sementerte 1.plassen for Lilla.
William Torvik - TogaToga. Den aller største overraskinga i årets cup var at TogaToga kjempa seg heilt til finala. Det hadde dei nok knappast trua på sjølve då dei kom stuptrøtte til Ørstahallen fredags morgon. Torvik viste gjennom heile dagen svært ryddige basisferdigheiter og ein leken teknikk når han bydde opp til dans. Han var flink til å bruke fysikken sin i aksjonane sine og mista med det nesten aldri ballen. Var ofte TogaToga sin veg ut av kinkige situasjonar.
Anton Sumin - TogaToga. To mann frå cupens største overrasking. Anton Sumin spelte med skyhøg intensitet gjennom heile dagen og verka ikkje prega i det heile teke etter 11 timar i hallen. Med dei fotrappe vendingane og det evinnelege jaget etter å vinne var han ein pest og ei plage for alle forsvarsspelarar som møtte han. Han vart matchvinnar i semifinala med to seine scoringar og sørga òg for at spenninga i finala haldt lenge med si redusering til 1-2.
Med stjernelaga kåra og mykje fortene hyllest delt ut sett vi no punktum for Tussacup 2025. Vi rettar ein stor takk til alle som har bidrege for å organisere og gjennomføre denne innhaldsrike fotballdagen nok eit år. Det er like kjekt år etter år å treffe så mange hyggelege folk i på Tussacup i Ørstahallen. Vi vonar at de alle kjem att også neste år. På gjensyn!